Georg Reiss

Den første i Noreg som tok doktorgraden med eit musikkvitskapleg emne.

Georg Reiss (1861 - 1914) var den første i Noreg til å levere eit doktorgradsarbeid i eit musikkvitskapleg emne, og med avhandlinga Musiken ved den middelalderlige Olavsdyrkelse i Norden disputerte Reiss i 1913 ved Universitetet i Oslo. Saman med Oluf Kolsrud publiserte Reiss ein studie over to mellomalderhandskrifter, og etter doktorgradsarbeidet sitt ønskte Reiss å gå vidare med dei musikkvitskaplege studiane sine. Han tenkte blant anna å sjå på moglege samanhengar mellom mellomalderen sin kyrkjesong og den norske vokale folkemusikken. På Reiss si tid var dette eit nytt og spanande musikkhistorisk og musikkteoretisk tema som skulle bety mykje for forskinga på feltet i lang tid framover. Diverre vart Reiss råka av slag kort tid etter disputasen sin, og døydde i 1914.

Les meir om Georg Reiss i Norsk biografisk leksikon.

Publisert 2. apr. 2014 17:48 - Sist endret 25. jan. 2019 09:38