Nils Grinde

Ein sentral musikkvitar med ei rekke publikasjonar, og ein viktig person for musikkvitskapen ved UiO.

Foto: Idunn.no (Minneord ved Nils Grindes bisettelse av Anne Jorunn Kydland).

Nils Grinde (1927 - 2012) vart mag.art. i musikkvitskap i 1953, universitetslektor ved IMV i 1963, dosent i 1974 og professor i 1985. Han var tilsett ved IMV i over 3o år, og vart den første valde instituttleiar då praksisen med valte leiare starta opp i 1978.

Grinde har bidrege til norsk musikkvitskap med ei rekke viktige publikasjonar. Norsk musikkhistorie kan trekkast fram. Grindes bokverk om norsk musikkhistorie har kome i fleire utgåver, og vore vesentleg for musikkfaglige miljø både på UiO og ved andre institusjonar.  Då første utgåve kom i 1971 var den det første omfattande verket på 50 år som tok føre seg norsk musikkhistorie frå den tidlige musikken til samtidsmusikk.  

Grinde var ein open og allsidig person. Han arbeidde med edisjonsarbeid, både med Kjerulf og Grieg.  Han underviste og i satslære, og meinte at harmonilæra var sentral for forståinga for musikk. I 1994 var han med på å etablere eit omfattande prosjekt om norsk musikkhistorie, der alle musikkvitskaplige miljø i Noreg skulle bidra med forsking og kjelder. Grinde sat i styret, var medredaktør for utgivingane, og bidrog som forfattar i to av binda. Bokverket utkom i fem bind i 1999 – 2001.I tillegg til interessa for norsk musikk og musikkhistorie, arbeidde Grinde mellom anna med viktige bøker om Handel og Haydn.

Les meir om 'Norges musikkhistorie' her
Les meir om Nils Grinde i Norsk biografisk leksikon.

 

Kjelder: Norsk biografisk leksikon, Asbjørn Eriksen og Arvid O. Vollsnes.

Publisert 2. apr. 2014 17:49 - Sist endret 23. juni 2014 14:41