Ole Mørk Sandvik

Ein av dei første musikkvitarane i Noreg, og forfattaren bak den første avhandlinga om norsk folkemusikk.

Ole Mørk Sandvik (1875 - 1976) kan skildrast som ein svært vesentleg musikkvitar, og han skreiv ei lang rekkje viktige artiklar og bøker om norsk folkemusikk. I tillegg gjorde Sandvik eit omfattande innsamlingsarbeid der han reiste over store delar av landet og skreiv ned folkemusikk, blant anna finansiert av stipend frå Universitetet. I utgangspunktet var Sandvik pedagog av yrke, og han underviste frå 1916 til 1945 i messe- og kyrkjesong ved Det praktisk-teologiske seminar ved Universitetet og Menighetsfakultetet.  Formelt var han tilsett som lektor ved Hegdehaugen Skole og hadde inga formell stilling ved korkje Nasjonalbiblioteket eller Universitetsbiblioteket. Han leda likevel arbeidet med å opprette Norsk Musikksamling ved Universitetsbiblioteket i Oslo i 1927. Sandvik hadde også ein rekkje andre verv i kulturlivet.  I 1921 oppnådde Sandvik graden Dr.philos. ved Universitetet i Oslo med si avhandling Norsk folkemusikk, særlig østlandsmusikken

Sentrale publikasjonar:

O.M. Sandvik og G. Schjelderup (red.): Norges musikkhistorie.

Les meir om Ole Mørk Sandvik i Norsk biografisk leksikon.

 

Kilder: Norsk biografisk leksikon, Arvid O. Vollsnes.

Publisert 2. apr. 2014 17:48 - Sist endret 9. apr. 2014 10:36