Kina-studier med kinesisk
Peter har bachelor i Kina-studier med kinesisk, og går nå på masterprogrammet Chinese Culture and Society. Han har vært på utveksling i Kina og i Taiwan to ganger.

Foto: Privat
«Kina er eit av verdas største økonomiar og det nest mest folkerike. Landet har ein kontroversiell politikk, eksotisk kultur, og ei dynamisk samtid. Kina står sentralt i verda i dag, og er umogleg å ignorera. Sagt annleis, Kina blir meir og meir aktuelt med tida som går. Men, det blir ikkje berre meir relevant å ha Kina-kunnskap, det blir òg meir spennande å studera Kina. Med evna til å snakke eit heilt anna språk, og kunnskapen til å forstå seg på ein totalt annleis kultur, vil eg vise dykk kva som gjer Kina så interessant, og ikkje minst, så viktig i dagens samfunn.»
Peter tilbyr én faglig smakebit i politikk og menneskerettigheter:
Kvifor bryt Kina menneskerettar?
Kva er eigentleg «Kina» og kvifor bryt dei menneskerettar? I denne faglege smakebiten presenterer Peter elevane for «Kina» som eit historisk konsept og verktøy. Deretter tar han elevane med rundt i landet for å forklare kvar og diskutere kvifor den kinesiske stat bryt med menneskerettane.
Peter vil blant annet diskutere den sentrale rolla historiske perspektiv spelar i diskusjoner om menneskerettar, og korleis statar brukar desse perspektiva for å fremje eigne interesser. Elevane vil få innsikt i korleis ein kan sjå på konflikt og konflikthandtering frå ulike vinklar, og på den måten få ein djupare forståing av politiske saker.
Merk: Presentasjonen er sjølvsagt på norsk, men sidan Peter snakkar Kinesisk vil han til tider omsetja sentrale ord og fraser til Kinesisk, til underhaldning for elevane.
Passer for: Vg2/Vg3
Kontakt sara.holmer@hf.uio.no for spørsmål.