Det følgjande er ei generell personvernerklæring for ulike alumninettverk ved Det humanistiske fakultetet, Universitetet i Oslo – frå no av kalla «fakultetet».
For fakultetet handlar samarbeid med alumnar om å styrkje samfunnskontakten og identiteten til fakultetet, og sikre tett kontakt med nasjonalt og internasjonalt arbeidsliv og næringsliv.
Alumnane utgjer ein særskild ressurs for fakultetet og fakultetet utgjer ein livslang ressurs for alumnene. Samarbeidet skal vere berekraftig og basert på gjensidig nytte for alumnane og fakultetet. Les gjerne meir om alumninettverk ved Det humanistiske fakultetet.
Kva er ei personvernerklæring?
Denne erklæringa forklarer korleis alumninettverk ved fakultetet handterer og bruker persondata til alumnane våre. Informasjonen du gjev oss om deg sjølv, gjer det mogleg for oss å tilby deg eit livslangt forhold til eit alumninettverk ved fakultetet så lenge du sjølv ønskjer det. Samtidig kan alumninettverket bruke persondataa dine for å gje deg relevant informasjon om aktivitetar, forskingsnytt og samarbeidsmoglegheiter.
Vi er forplikta til å verne personopplysningane dine og vere opne om kva informasjon vi lagrar. Følgjande personvernerklæring skildrar korleis alumninettverk ved fakultetet bruker dei personlege dataa dine for samarbeid med alumnar spesielt. Føremålet med denne personvernerklæringa er å informere deg om kva personopplysningar som blir behandla, korleis dei blir behandla, kven som er ansvarleg for behandlinga, kva rettar du har og kven du kan kontakte.
Kva blir rekna som personopplysningar?
Personopplysningar er alle former for data, informasjon, opplysningar og vurderingar som kan knytast til deg som enkeltperson. Det avgjerande for om ei opplysning er ei personopplysning, er om dei kan identifisere ein konkret person. Opplysningar som åleine ikkje kan knytast til ein enkeltperson, kan i tilfelle der opplysninga finst saman med andre data, utgjere ei personopplysning.
Behandlingsansvarleg
Universitetet i Oslo er behandlingsansvarleg for personopplysningar i databasane til fakultetet for alumninettverk, jf. Personvernforordninga. Sjå kontaktpunkt til ditt alumninettverk.
Føremålet med behandlinga
Personopplysningane dine i databasen til alumninettverket blir behandla for ei rekkje gjensidige føremål som styrkjer relasjonen mellom deg og fakultetet.
Dette blir gjort gjennom tilpassa førespurnader og relevant informasjon. Til dømes er behandling av personopplysningar i alumninettverket sin database nødvendig for at alumninettverket kan kontakte deg om:
- generell medlemsinformasjon
- invitasjonar til faglege arrangement
- etter- og videreutdanningstilbod
- nyheitsbrev
- invitasjonar til sosiale og kulturelle arrangement i regi av alumninettverket og/eller relevante fagmiljø og samarbeidspartnerane deira
- førespurnad om deltaking i arbeidsgrupper og panel
- førespurnader om samarbeid
- førespurnader om deltaking i undersøkingar
Vi prøver alltid å sikre at alle førespurnader vi presenterer, er tilpassa interessene dine.
Dersom du har spørsmål om nokon av desse føremåla, eller kommentarar til korleis vi kommuniserer med deg, kan du sende e-post til kontaktpunkt i ditt alumninettverk.
Kva personopplysningar blir behandla?
Vi lagrar informasjon knytt til deg frå fleire kjelder. Ein vesentleg del av informasjonen vi lagrar om våre alumnar, er informasjon du sjølv gjev oss ved å registrere deg i eit alumninettverk.
Når du melder deg inn i eit alumninettverk, vil nokon av dei personlege dataa dine frå studentregisteret til UiO (FS) overførast til alumninettverket sin database. Desse dataa er: namn, grad/fag, e-postadresse og uteksamineringsår. Alle andre personopplysningar registrerer du sjølv ved innmelding.
Alumninettverkets sin database inneheld:
- Førenamn*
- Etternamn*
- Ev. tidligare etternamn
- E-post*
- Grad/fag
- Tilknytning til arbeidslivet*
- Stillingstittel*
- Arbeidsgjevar*
- Land
*Obligatorisk felt
Medlemsinformasjonen er ikkje offentleg.
Kor lenge lagrar vi personopplysningane dine?
Vi beheld personopplysningane dine i alumninettverket sin database, med mindre du ber oss om å gjere noko anna. Ved utmelding vil personopplysningane bli sletta.
Korleis vernar vi dataa dine?
Personopplysningane vil berre bli brukte av det alumninettverket du er medlem av, og vil ikkje kunne seljast eller bli overførte til ein tredjepart, såframt ikkje anna kjem fram av lov.
Vi deler ikkje personlege kontaktopplysningar utan førehandsgodkjenning.
Universitetet i Oslo (UiO) har eit personvernombod som skal ta vare på personverninteressene til både studentar, tilsette og alumnar ved UiO. Personvernombodet ved UiO kan nåast via e-post: personvernombud@uio.no
Det rettslege grunnlaget for behandlinga
Personvernforordninga artikkel 6 f fastslår at ei behandling av personopplysningar kan finne stad når dette er nødvendig for at den behandlingsansvarlege skal kunne ta vare på ei rettkomen interesse, og omsynet til den registrerte sitt personvern ikkje overstig denne interessa.
For å styrkje utdanninga, forskinga og omdømmet vårt har fakultetet interesse av at alumnane våre er knytte til oss. Kontakten med alumninettverk ved fakultetet bidreg på si side til å styrkje alumnane sine karrierar og faglege utvikling. Samarbeidet skal vere berekraftig og basert på gjensidig nytte.
Fakultetet har ikkje høve til systematisk å halde oppe relasjonen mellom universitetet og dei tidlegare studentane våre utan å tilby dei medlemskap i eit alumninettverk. Eit alumninettverk har ein nær samanheng med den relasjonen den enkelte allereie har til universitetet, og det vil derfor vere føreseieleg for den enkelte at dei får tilbod om deltaking i denne typen nettverk. Fakultetet har derfor ei rettkomen interesse for bruk av kontaktopplysningar som skildra nedanfor, som overstig den enkelte si personverninteresse, jf. Personvernforordninga artikkel 6 f.
Personopplysningane som blir nytta i eit alumninettverk sin database er ikkje av sensitiv karakter. Dei fleste av personopplysningane vi har om deg, registrerte du sjølv ved innmelding. Behandlingsgrunnlaget er i desse tilfella aktivt samtykke frå deg, jf. personvernsforordninga artikkel a. Det betyr òg at du når som helst kan trekkje tilbake eller endre samtykket ved å sende ein e-post til kontaktpunktet i ditt alumninettverk.
Rettane dine
Vi handterer alltid dei personlege dataa dine sikkert, og det skal ikkje medføre noka ulempe for deg at dei personlege opplysningane dine blir brukte i arbeidet vårt. Vi legg vekt på at det er frivillig å gje oss dei personlege opplysningane dine.
Du har rett til:
- innsyn i alle personopplysningar som er registrerte om deg i alumninettverket sin database og ved UiO elles.
- informasjon om korleis vi behandlar persondataa dine.
- å få uriktige personopplysningar om deg korrigerte.
- å få ufullstendige personopplysningar om deg supplerte.
- å avgrense korleis vi bruker dataa dine.
- å krevje at vi slettar din profil.
Ta kontakt med kontaktpunktet i ditt alumninettverk om du har spørsmål eller ønskjer å nytte deg av rettane dine som er omtalte i punktet ovanfor.
Førespurnaden din vil bli behandla så raskt som mogleg og seinast innan 30 dagar.