Lær om korleis nynorsk har forma norsk kultur

Dette emnet gir deg kunnskap om nynorsk skriftkultur og nynorsk som eit kulturelt og politisk prosjekt, frå 1800-talet og fram til i dag.

Bilde av tekst hvor det står "nynorsk skriftkultur"

Nynorsk er ikkje berre eit sidemål eller minoritetsspråk, men ein del av ein større kultur- og samfunnsprosess som har forma Noreg.

Emnet er særleg relevant for lærarar, formidlarar og andre kulturarbeidarar som ønskjer eit breiare perspektiv på rolla til nynorsken.

I dette emnet lyfter vi fram nynorsk som skriftkultur og som ei motkulturell rørsle. Nynorsk blir sett i samanheng med større kulturhistoriske og språkpolitiske spørsmål, og forstått som meir enn eit språkleg system.

Undervisning og opptakskrav

Emnet er på fem studiepoeng. Undervisninga går føre seg fysisk, med ti timar førelesningar og seminar. Du må ha generell studiekompetanse for å ta emnet.

Søknadsfrist: 2. august. Løpande opptak frå 3. juni.

Lurer du på noko?

Ta kontakt med henvendelser@iln.uio.no

Publisert 11. mai 2026 12:29 - Sist endret 15. juni 2026 10:28