Konstruksjonen av Norden: Opplysningstida

Med Frederik Stjernfelt, Ellen Krefting, Trygve Riiser Gundersen og Helge Jordheim.

Portrettfoto av Frederik Stjernfelt, Ellen Krefting, Trygve Riiser Gundersen og Helge Jordheim på en grønn bakgrunn med teksten Konstruksjonen av Norden: Opplysningstida

I standardforteljinga til den vestlege kulturen la vitskap, rasjonalitet og nye politiske idear grunnlaget for vekst og framgang i perioden vi kallar “opplysingstida”.

Men korleis gjekk dette for seg i den nordlege utkanten av Europa? Hadde vi ei opplysingstid i Norden, og korleis skilde ho seg i så fall frå andre land? Er det kanskje meir rett å snakke om fleire opplysingstider? 

Utviklinga av Norden 

I denne samtalen ser vi på forskjellane i Norden på 1700-talet, og på korleis idear og strøymingar frå denne tida kan stå i samband med det moderne Norden.

Frederik Stjernfelt er professor ved Aalborg Universitet, Ellen Krefting er professor i idéhistorie ved Universitetet i Oslo og Trygve Riiser Gundersen er forleggar og forfattar. Dei møtest til ein samtale om nordisk opplysing leia av Helge Jordheim, professor i kulturhistorie ved Universitetet i Oslo.

Se samtalen om opplysningstida

 

Konstruksjonen av Norden

Korleis blei vi Norden? Kvar kjem ideen om Norden frå, og kva er eigentleg det nordiske?

I ein serie arrangement gjennom 2021 vil Nasjonalbiblioteket og den tverrfaglege forskingssatsinga UiO: Norden utforske ideen om det nordiske fellesskapet — frå mellomalderen og fram til i dag. 

Kva har historisk sett ført oss nærare naboane våre, og kva slags krefter og hendingar har trekt oss frå kvarandre? Kva har leia oss fram mot den nordiske modellen — med vekt på likskap, likestilling, velferd og tillit — og korleis står vi i Norden rusta til å møte utfordringane i samtida og framtida? 

Gjennom foredrag, samtalar og digital formidling vil serien ta opp dei store spørsmåla om Nordens fortid og framtid.  
 

Publisert 5. mai 2021 11:07 - Sist endret 23. feb. 2024 15:18