Tar med Einstein og Kafka på scena

Historieprofessor Robert Marc Friedman lagar teater av vitskap. Snart er han aktuell med teaterstykket «Transcendence», som viser nye sider av Einsteins relativitetsteori.

Fysikaren Albert Einstein er ein av karakterane i eit nytt teaterstykke av Robert Marc Friedman. Andre karakterar er, avbilda frå topp til botn: Wilhelm Ossen, Allvar Gullstrand, Franz Kafka og Max Planck. (Illustrasjon: Annica Thomsson)

– Vitskapelege publikasjonar er spennande å skrive, men å røre folk i både hjartet og sinnet, og få dei til å tenkje annleis om vitskap...det gjev ein heilt annan respons, seier professor i vitskapshistorie Robert Marc Friedman.

Med utdanning i historie, realfag, teater og scenkunst, har han tidlegare hatt suksess med fleire teaterstykke. I «Remembering Miss Meitner» møtte publikum vitskapskvinna Lise Meitner som flykta til Stockholm frå Berlin i 1938, men som ikkje vart akseptert i det svenske fagmiljøet. No jobbar Friedman med teaterstykket «Transcendence», der tre menneskelege forteljingar vevast saman rundt Albert Einsteins allmenne relativitetsteori.

«Transcendence» er finansiert av Hauptstadtkulturfonds Berlin og har urframføring i Berlin i november, hundre år etter lanseringa av teorien. I april blir det prøveførestellingar i New York og Baltimore.

Ville ut av si tid

Teaterstykket tar oss mellom anna med til Praha i 1911, der fysikaren Albert Einstein og forfattaren Franz Kafka, begge med jødisk opphav, lever i ei tid med antisemittisme og ekskludering. Begge drøymer om transendens: Å stige ut av denne verda og over i ei objektiv røynd.

Robert Marc Friedman skriv eit teaterstykke som vert ein del av den offentlege feiringa i Berlin av 100-års jubileet for relativitetsteorien. (Foto: Annica Thomsson)

– I teoriane og forteljingane sine prøver begge å skildre ei slik objektiv røynd, men dei er tvungne til å leve i ei tid og i eit rom med vanskelege sosiale og politiske utfordringar. Igjen og igjen opplever dei at livet ikkje tillet at ein mistar seg sjølv, fortel Friedman.

Teaterstykket skildrar også forholdet mellom Einstein og hans berlinske kollega Max Planck. Begge ser på teoretisk fysikk som eit middel for transendens, men venskapen blir sett på prøve fordi dei reagerer ulikt på kvardagens politiske, sosiale og personlege utfordringar.

Einstein slik han eigentleg var

Medan mange regissørar lett diktar opp historier når dei dramatiserer faktiske hendingar, er Friedman oppteken av at han, som fagperson, skal kunne forsvare alt. Ingen kjenner alle historiske fakta, men alt i teaterstykket skal kunne ha skjedd.

– Dramatiseringa skaper si eiga teatralske røynd, men alt byggjer på historisk vitskap. Gjennom forsking kan ein bli svært godt kjend med menneske som har levd. Eg kan forsvare kvifor eg lar karakterane handle og tenkje som dei gjer i stykket. For meg er det ei kreativ utfordring å finne morosame, sprudlande og kunstneriske uttrykk som er historisk ansvarlege, seier han.

Stykket fortel til dømes ei historie der Einstein og Kafka møter kvarandre. Friedman er ikkje sikker på at dette hende, men han veit at dei var i det same miljøet på same tid, og det er ikkje utenkeleg at dei møttest.

Han meiner at det finst tilstrekkeleg grunnlag for spenning i det historiske materialet.

– Når ein går inn i brev, dagbøker og den historiske konteksten, overgår røynda av og til fantasien. Mange tenkjer på Einstein som eit asosialt geni, men han var faktisk svært politisk engasjert. Han var sett som radikal, og mange av hans komplekse og mindre flatterande personlege sider fell gjerne bort i dei heroiske bileta som blir teikna av han som fagperson.

Fekk aldri Nobelprisen for relativitetsteorien

Publikum får også møte Allvar Gullstrand og Carl Wilhelm Oseen, som i tida rundt første verdskrig sat i den svenske Nobelkomiteen for fysikk. Gullstrand hadde sjølv fått Nobelprisen i medisin, men insisterte på å sitje i Nobelkomiteen for fysikk og vurdere Einstein sine relativitetsteoriar. Han var sterkt imot at Einstein skulle få prisen.

Friedman publiserte i 1981 ein artikkel i tidsskriftet Nature om kvifor Einstein aldri fekk Nobelprisen for relativitetsteorien. No, etter langt meir forsking på emnet, er tida komen til å løfte dei store spørsmåla til teaterscena: Kvifor insisterte Gullstrand på å sitje i komiteen? Og kvifor var han, og så mange andre, sterkt imot teorien? Mange såg i 1920 på relativitetsteorien som «jødisk sjarlateneri», eit forsøk på å forpeste ekte tysk vitskap og kultur.

– Gullstrand er ein interessant dramatisk figur. Men i staden for å framstille han berre som ein arrogant person, stiller stykket spørsmål ved kvifor han gjorde det han gjorde, og kva som stod på spel i denne perioden, både i Nobelkomiteen og i europeisk kultur og vitskap elles, seier Friedman.

Det var først då Gullstrand sin ven Carl Wilhelm Oseen kom inn i komiteen i 1922 at Einstein fekk Nobelprisen – men ikkje for relativitetsteorien.

Vil skape debatt og underhaldning

Det er det tyske Max Planck-instituttet som har invitert Robert Marc Friedman til å lage teaterstykket. I november og desember blir den hundre år gamle teorien feira med ein internasjonal konferanse i Berlin, og teaterstykket blir del av Berlin by si offentlege feiring.

Max Planck-instituttet har også støtta forskings- og skrivearbeidet, saman med Institutt for arkeologi, konservering og historie ved Universitetet i Oslo.

– Eg håper at stykket vil skape debatt og underhaldning. Eg ønskjer å vise at ein kan ha spennande drama som samtidig formidlar ei truverdig historie, seier Friedman.

Når han tidlegare har dramatisert vitskapen slik han no er i ferd med å gjere, har han opplevd stort engasjement blant publikum. Framføringa av «Remembering Miss Meitner» resulterte nesten alltid i engasjerte diskusjonar i salen, uansett om det var i Gøteborg, Bologna eller New York.

– Eit teaterstykke skal røre ved tema som alle kan identifisere seg med. Naturvitskap og historie kan vere spennande, men meir allmenne menneskelege tema kan nå ut til ei langt større gruppe, seier Robert Marc Friedman.

Av Silje Pileberg
Publisert 7. apr. 2015 12:54 - Sist endret 29. nov. 2017 11:58