Avhandlinga
Komiteen som vurderer avhandlinga skal gje ei innstilling til avhandlinga.
Det er ynskjeleg at komiteen kjem fram til ei sams uttaling, men ved dissensar kan det bli nødvendig med separate innstillingar. Komiteen bør så langt som råd gje innstillinga ei generell og kortfatta form. Positive innstillingar bør være på 1-2 sider, negative innstillingar på 2-3 sider.
Sjølv om komiteen konkluderer med at arbeidet ikkje bør godkjennast, kan komiteen tilrå ei omarbeiding av avhandlinga. Dette skal det i så fall opplysast om særskilt. Dersom komiteen meiner det er nødvendig med djuptgripande endringar vedrørande teori, hypotese, materiale og/eller metode for at arbeidet skal kunne godkjennast, bør derimot komiteen ikkje tilrå innlevering av same avhandling i omarbeida versjon for ny vurdering.
Av innstillinga bør det klart gå fram korleis komiteen har vurdert fylgjande spørsmål:
- Er problemstillingane og hypotesane klare og presist nok formulert?
- Er problemstillingane og hypotesane fruktbare ut frå forskingssituasjonen?
- I kva grad er materialet det vert vist til og metodane som vert nytta tenelege for formålet?
- Er dei konklusjonane blitt trekt som materialet tillet, og held dei mål?
- Er handsaminga av relevant litteratur tilfredstillande?
- Er framstillingsforma, disposisjonen og det vitskapelege apparatet tilfredsstillande?
Uttalinga bør gje ein heilskapeleg presentasjon av arbeidet. I presentasjonen bør det positive ved avhandlinga omtalast slik at ein òg får inntrykk av dette. Innstillinga bør avsluttast med ein klar konklusjon, anten om denne tilrår godkjenning eller ikkje. Konklusjonen må samsvara med premissane som kjem forut i innstillinga.
Utforming av innstillinga
Innstillinga skal formelt:
- ha ei overskrift/innleiing som viser til kva kandidat det gjeld og kva institutt vedkommande tilhøyrer
- innehalde opplysningar om avhandlinga
- tittel
- spesifisere om det er ein monografi eller artikkelbasert avhandling
- Dersom det er ei artikkelbasert avhandling skal ho bedømmast på kvalitet uavhengig av om artiklane er publiserte eller ikkje. Komiteen blir likevel oppmoda til å gjera kort greie for kvar i publiseringsløpet kvar enkelt artikkel er.
- lengd (til dømes sidetal, talet på kapittel eller artiklar)
- innehalde ein eintydig konklusjon, som anten må komma heilt først eller heilt sist i innstillinga
- vera datert
- vera paginert
- nemne innleiingsvis at avhandlinga er levert inn for andre gong, eller er innlevert etter tilråding om opprettingar frå komiteen sin side, dersom dette er tilfellet.
Konklusjonen i innstillinga
Dersom vurderingskomiteen konkluderer med at ei ph.d.-avhandling ikkje kan godkjennast, kan den negative innstillinga frå komiteen ha to alternative konklusjonar: ikkje godkjent eller tilrådd omarbeiding av avhandlinga. Ved dr.philos.-graden er negativ innstilling einstydande med ikkje godkjent.
Godkjent
Dersom vurderingskomiteen finn avhandlinga verdig til offentleg forsvar, bør innstillinga òg omtale det positive ved avhandlinga, slik at ein får inntrykk av dette. Innstillinga bør avsluttast med ei klar tilråding til fakultetet om at avhandlinga blir vurdert som godkjent for offentleg forsvar. Konklusjonen må samsvara med premissane som er lagde fram tidlegare i innstillinga.
Ikkje godkjent
Kandidaten kan levera til annan og siste gongs vurdering tidlegast 6 månader etter avgjerd i Tilsettingsutvalget (TUV).
Omarbeiding av avhandlinga (berre ph.d.)
Dersom avhandlinga berre har mindre svakheiter, kan komiteen føreslå omarbeiding på grunnlag av dei førebelse kommentarane frå vurderingskomiteen. Komiteen leverer då ikkje ei endeleg innstilling, men ein førebels uttale stilt til kandidaten, der det blir gitt konkrete forslag til endringar. Det skal givast ein frist for slik omarbeiding, som ikkje skal vere lengre enn 6 månader. Frå denne oversikta skal det òg gå tydeleg fram kvifor komiteen vel å tilrå omarbeiding, heller enn å underkjenna avhandlinga.
I Veiledning om bedømmelse av norske doktorgrader blir det understreka at komiteen berre bør gi ei tilråding om innlevering av same arbeid i omarbeidd versjon for ny vurdering, dersom komiteen meiner at ei omarbeiding kan gi tilfredsstillande resultat innan ramma av 6 månaders arbeidsinnsats. Det blir også framheva at ei tilråding om omarbeiding ikkje kan oppfattast som ei forsikring om godkjenning ved ei eventuell ny vurdering.
Same komité vurderer den omarbeidde versjonen av avhandlinga når denne ligg føre, og gir den endelege innstillinga si innan ein oppgitt frist som normalt ikkje skal overstiga ein månad. Komiteen må vera inneforstått med at vurderingsarbeidet ikkje er fullført (og ikkje blir honorert) før endeleg innstilling ligg føre. Dersom kandidaten ikkje leverer inn omarbeidd versjon innan 6 månader, tel den førebelse uttalen frå komiteen normalt som ei negativ innstilling.
Den omarbeidde versjonen som kandidaten leverer til ny vurdering innan 6 månader, blir rekna som første gongs vurdering. Viss den omarbeidde versjonen som kandidaten leverer òg blir underkjend, vil kandidaten kunna omarbeide avhandlinga ytterlegare og levere henne til ny vurdering (andre gongs vurdering) tidlegast 6 månader etter avgjerda i TUV.
Prøveførelesinga(ne)
Alle kandidatar skal halda prøveførelesing over eit emne som vert fastsett av komiteen. Emnet vert kunngjort for doktoranden 10 arbeidsdagar før førelesinga. Temaet bør hentast frå det fagområdet som doktorgradsarbeidet til kandidatens spring ut av, men ikkje frå dei mest sentrale problemstillingane. Dr.philos kandidatar skal i tillegg halda ei førelesing over eit sjølvvald emne.
Formålet med prøveførelesinga(ne) er at kandidaten skal dokumentera evne til formidling av forskingsbasert kunnskap. I vurderinga av prøveførelesinga skal både det faglege innhaldet og evne til formidling vektleggast. Nivået for denne førelesinga skal være slik at det passar for studentane ved fakultetet.
Disputasen
Disputasen vert leia av dekanen eller ein person som er utnemnd av dekanen. Kven som skal vera fyrste og andre opponent vert avgjort i komiteen. Fyrste opponent innleiar diskusjonen og andre opponent avsluttar disputasen. Opponentane bør på førehand ha avtalt kva problemområde kvar av dei skal ta opp.
Disputasen skal være ein fagleg diskusjon mellom opponentar og doktorand vedrørande problemformuleringar, metodisk og teoretisk grunnlag, dokumentasjon og framstillingsform. Det bør leggast spesiell vekt på å få etterprøvd kor vidt viktige konklusjonar som doktoranden har trekt i arbeidet sitt held mål. Dei problemstillingane som opponentane vel å fylgje, treng ikkje vera avgrensa til dei som er omtalt i komitéinnstillinga. Det er viktig at opponentane òg framhevar dei positive sidene ved avhandlinga i opposisjonen sin. Forma på diskusjonen bør, så langt det er råd, vera slik at dei som ikkje har lest avhandlinga eller kjenner fagfeltet inngåande kan fylgja diskusjonen.