English version of this page

Prosedyrar ved førelesing og disputas for ph.d.-kandidatar

Ein norsk doktorgradsdisputas er ei seremoniell og formell hending, men også ein festdag, som fylgjer strenge prosedyrar. Den vert vanlegvis følgd av ein sosial feiring, eller ein doktormiddag viss kandidaten ynskjer det.

Innhold på siden

Prøveførelesing og disputas

Prøveførelesing og disputas finn vanlegvis stad same dag, på ein fredag. Prøveførelesinga byrjar vanlegvis kl. 10.15 og disputasen kl. 13.15. Dersom instituttet/grunneininga og komiteen ønskjer det, kan prøveførelesinga finne stad dagen før disputasen. Prøveførelesinga byrjar i slike døme vanlegvis frå kl 16.15.

Komitéadministratoren eller styraren ved instituttet/grunneininga presenterer kort doktoranden før prøveførelesinga. 

Disputasen skal normalt haldast innanfor ei tidsramme på tre og ein halv time.

Gangen i disputasen

Tidsrammene i parentes er rettleiande

  • Prosesjon inn i auditoriet. Doktoranden går fyrst, deretter fyrste opponent, andre opponent, tredje medlem av komiteen og disputasleiaren til slutt (plasseringa sjå under).
  • Disputasleiaren held ei kort innleiing
  • Doktoranden presenterer avhandlinga si og gjer greie for føremålet med og resultata av den vitskapelege undersøkinga (ca 20 min.).
  • Fyrste ordinære opponent held sin opposisjon (ca 60 min.)
  • Prosesjon ut av auditoriet
  • Pause (ca. 15-30 min.)
  • Prosesjon inn i auditoriet
  • Andre ordinære opponent held sin opposisjon. (ca 60 min.)
  • Eventuelle opponentar ex. auditorio held sine opposisjonar (maks. 10 min. kvar)

Anbefalte disputaslokale

Det humanistiske fakultet har ei fast disputasbooking i auditorium 2, Sophus Bugges hus kvar fredag. 

Gamle festsal i Domus Academica er også mykje brukt til disputas. 

Andre rom som institutta ved HF har gode erfaringar med, er auditorium 3, Sophus Bugges hus, auditorium 2 og 3, Helga Engs hus og auditorium 7/Trygve Haavelsmos auditorium i Eilert Sundts hus. 

Dersom instituttet ønskjer å bruke Gamle festsal eller andre auditorier, må instituttet sjølv booke romma.  

Sosial markering

Instituttet betaler og tingar lunsj for doktorand, disputasleiar, komité og rettleiar før eller etter disputasen dersom det er ynskje om det.

Dersom doktoranden ynskjer det, kan ho eller han invitera til doktormiddag. Dette har vore ein vanleg skikk i fleire miljø ved fakultetet, men her står doktoranden heilt fritt. Dersom doktoranden tilhøyrer eit miljø der det kjennes riktig å ha ei slik sosial markering, er det doktoranden sjølv som har ansvaret for invitasjonane.

Publisert 9. juni 2020 13:13 - Sist endra 12. aug. 2026 00:27