Honorar
Honoraret blir overført til dei eksterne sakkunnige etter disputasen, eventuelt etter at ei negativ innstilling ligg føre. Føresetnaden er at komitemedlemmene inngår og aksepterer ein elektronisk kontrakt som dei får tilgang til via SMS.
Honorar og reiseutgifter kan ikkje betalast/refunderast kontant eller medan den sakkunnige oppheld seg i Oslo.
Tilsette ved UiO skal ta arbeidet over timerekneskapen sin. Når komiteadministrator er medlem av komiteen, blir administrators arbeid godtgjort med 40 timar. Når komiteadministrator ikkje er medlem av komiteen, blir arbeidet godtgjort med 20 timar.
Eksterne sakkunnige vil få utbetalt eit grunnhonorar à 15 000 NOK, og dessutan eit tillegg på 5500 NOK for opponentane. Dersom komiteen tilrår omarbeiding av avhandlinga innan seks månader, og dermed forpliktar seg til å bedømme den omarbeidde avhandlinga når ho ligg føre, blir det utbetalt eit tillegg på 3500 NOK. Administrator får òg utteljing for 10 timar ved omarbeiding.
Billettar og overnatting
Instituttadministrasjonen bestiller og betaler billettar og overnatting for den sakkunnige før reisa. Ver venleg og oppgje ønskt reiserute til komiteadministrator og instituttadministrasjonen.
Reisekostnader
Etter opphaldet til den sakkunnige i Oslo blir reiserekningsskjema sendt til det aktuelle instituttet. Saman med skjemaet blir følgjande sendt inn:
- kvittering (til dømes utskrift av elektronisk billett) for betaling av flybillettar
- den delen av boardingkortet som den reisande får behalde ved ombordstiging i fly
- kvitteringar/originalbillettar for reiser med buss, tog, taxi osv. i samband med deltaking i doktorprøvene
Det må kome tydeleg fram av billettane kva kvar enkelt reise kosta, og når ho vart gjennomført. Eventuell bruk av eigen bil skal førehandsgodkjennast av instituttet, og dato, startstad, sluttstad og talet på kilometer skal oppgjevast i reiserekninga.
Generelt
Vi gjer merksam på at Universitetet i Oslo ikkje dekkjer eventuelle reise- og opphaldsutgifter for ektefellen til sakkunnige.
For ein raskast mogleg ekspedisjon av honorar og reisepengar må komitemedlemmene oppgje personopplysningar i kontraktsportalen så snart dei får lenkja til denne på e-post. Dei må òg akseptere den endelege kontrakten når han er klar.
Reiserekningsskjema og kvitteringar skal sendast til instituttadministrasjonen så snart som mogleg etter at ein eventuell disputas har funne stad.