Stillingsinnhald
Stillingane er knytte til emnet HARK2020: Digitale verktøy for utforsking av tekstar, som er eit emne som tek for seg digitale metodar for tekstanalyse, inkludert metodar for analyse av store tekstmengder og datavisualisering. Emnet går haustsemesteret 2026. Læringsassistentane vil bli rettleidde av lærarane i emnet, Heidi Leclaire-Karlsen ved ILN og Kristin Ranestad ved IAKH.
Arbeidsoppgåvene inneber mellom anna:
- å leie gruppeøvingar
- observasjon av, og intervensjon i, arbeidsprosessen i gruppene
- kommunikasjon og samhandling med lærarane på emnet
Emnet er lagt opp med ein tydeleg praktisk profil, der studentane skal arbeide aktivt med generativ KI, Voyant Tools, Nasjonalbibliotekets DH-lab og grunnleggande Python gjennom seminar, øvingar og heimeoppgåver gjennom semesteret.
Læringsassistentane vil vere særleg viktige i dei delane av undervisinga der studentane treng tett, konkret rettleiing i bruk av verktøya: Når dei skal kome i gang med øvingar, løyse tekniske og metodiske utfordringar undervegs, og få støtte til å overføre det dei lærer i undervisinga til eigne oppgåver.
Stillinga gjer deg:
- kompetanse og forståing for samarbeid i grupper
- trening i formidling og kommunikasjon
- erfaring med koordinering av gruppeøvingar
- innblikk i korleis undervising kan koordinerast og organiserast i fag med fokus på digitale verktøy
Læringsassistentane får ein unik moglegheit til å skaffe seg innsikt i, og praktisk erfaring med, undervising og rettleiing av studentar i enkel programmering og i bruk av digitale verktøy som er særleg relevante for tekstfaga ved Det humanistiske fakultetet.
Les meir om ordninga med læringsassistenter ved HF.
Krav og kvalifikasjonar
- du meistrar norsk munnleg og skriftleg
- du kommuniserer godt munnleg og skriftleg
- du har gode IT-ferdigheiter
- du har erfaring med bruk av generativ KI
- du har grunnleggande kunnskap om Python
Det er ein fordel om du har erfaring med Voyant Tools og Nasjonalbibliotekets DH-lab. Manglande erfaring med Voyant Tools og NBs DH-lab er uproblematisk dersom søkjar har noe meir enn grunnleggande programmeringserfaring og er komfortabel med å setje seg inn i nye nettapplikasjonar for tekstanalyse.
Personlege eigenskapar
- Du er motivert for å lære om arbeidsprosessar og gruppearbeid
- Du er sjølvstendig og tek ansvar
- Du har gode samarbeidsevner og samhandlingsferdigheiter
Vi tilbyr
Opplæring: Opplæring vil finne stad i forkant av undervisingsstart og som oppfølgingssamlingar undervegs i semesteret. Opplæringa inneber innføring i:
- gruppearbeid og oppfølging
- observasjons-, intervensjons- og refleksjonsteknikkar
Årsløn: 480 000 (100 %)
Stillingsomfang: 75 timar arbeid i haustsemesteret.
Tilsetjingsperioden vil løpe frå august 2026 til desember 2026.
Søknaden
Skriv ein kort tekst om deg sjølv og kvifor du ønskjer, og trur du kan eigna deg til, denne typen arbeid. Legg ved CV med relevant arbeidserfaring/erfaring. For hjelp til CV og søknad, besøk gjerne UiO sine «Jobb og karriere»-sider.
Søknadsfrist: 1. juni 2026
Last opp søknad og CV i nettskjema.
Ta gjerne kontakt med professor Kristin Ranestad for meir informasjon.