Faglige interesser
Mine hovudinteresser er historieskriving, helgenkult og identitetskonstruksjon, og korleis desse tre fenomena ofte overlappar kvarandre. I tillegg forskar eg på fragment av mellomalderhandskrift, med særleg fokus på Skandinavia. Eg arbeider òg med resepsjonen av bruken av mellomalderen i moderne kultur.
I hovudsak arbeider eg med materiale frå Nord-Europa i perioden 1000-1300, men når det gjeld hovudinteressene forskar eg òg på materiale frå tidlegare og seinare periodar.
Bakgrunn
- 2010-2012: Mastergrad i historie, NTNU
- 2014-2017: PhD i historie, Centre for Medieval Literature, Syddansk Universitet
- 2017-2018: Forskingsassistent ved Syddansk Universitetsbibliotek
- 2018: Undervisingsassistent i historie ved Syddansk Universitet
- 2019-2021: Universitetslektor i historie ved Linnéuniversitetet
- 2021: Forskingsassistent ved prosjektet Mapping Lived Religion, Linnéuniversitetet