Doktorgradsprosjektet mitt undersøker korleis Norsk misjon blant hjemløse (1897-1987) gjekk fram for å engasjera barn av majoritetsbefolkninga for arbeidet sitt. Organisasjonen samarbeida tett med norske myndigheiter og var ein sentral aktør i assimileringa av taterane/romanifolket. Eg er interessert i å både sjå nærare på kva organisasjonen ønska å læra generasjonar av barn om taterane/romanifolket og korleis barna interagerte med organisasjonen. Mine viktigaste kjelder er arkivet etter Norsk misjon blant hjemløse og barnebladet deira, Maaltrosten (1903-42). Arbeidet mitt er inspirert av fagfelta følelseshistorie, antisiganisme, barndomshistorie, barnelitteratur og misjonshistorie. Rettleiarane mine er Christine Amadou og Karen Vallgårda.
Eg har tidlegare arbeida med formidling og i arkiv, m.a. ved Kulturhistorisk museum, Norsk folkeminnesamling og Norsk folkemuseum. Eg har ein tverrfagleg mastergrad i idé- og kulturhistorie frå Universitetet i Oslo og Humboldt-Universität zu Berlin (2022). Masteroppgåva mi var om framstillingar av barn av taterane/romanifolket i Norsk misjon blant hjemløses tidsskrift Fra landeveien i tidsrommet 1897-1915, der eg granska korleis samtidige debattar om arv og miljø spelte inn i diskusjonar om kor vidt barna kunne bli assimilerte inn i det norske samfunnet.
I løpet av doktorgradsperioden har eg vore eit semester ved the Centre for the History of Childhood ved Universitetet i Oxford, noko som var mogleg takk vere Høyesterettsadvokat Per Ryghs legat og Thorleif Dahls legat for historisk forskning. Eg blei dessutan utnemnd som Fellow ved Die Internationale Jugendbibliothek i München i 2025.