Ta våre emne om Agnes Ravatn

Utforsk romanen «Doggerland» i årets litterære mikroemne.

I romanen utforskar Agnes Ravatn korleis makt, arv og lygner verkar inn på menneske i ei tid der litteraturen er i ein utsett posisjon. Det er ei tett og intens forteljing om ein familie og eit forlag som held på å bryte saman.

Hausten 2026 tilbyr vi to mikroemne på 2,5 studiepoeng:

Våren 2027 tilbyr vi to mikroemne på 2,5 studiepoeng:

Emna høver for lærarar som ønskjer fagleg påfyll, og for litteraturinteresserte generelt.

Korleis søkjer du?

Opptak vert gjort gjennom enkeltemneopptaket ved Universitetet i Oslo.

For å kunne melde deg på emna må du vere registrert med generell studiekompetanse ved UiO. Fristen for dette er 1. august / 15. desember.

Du kan søkje på emna i Studentweb frå 18. august / 15. januar.

Heile HF les

Det er femte gong Det humanistiske fakultetet ved UiO gjennomfører leseprosjektet «Heile HF les». Mikroemna gir ulike faglege perspektiv på aktuelle samtidsromanar.

Tidlegare års bøker har vore av Jan Grue, Zeshan Shakar, Helga Flatland og Maria Kjos Fonn.

Publisert 11. mai 2026 12:29 - Sist endret 26. okt. 2026 13:12