English version of this page

Kandidatmarkering for masterstudentar ved Det humanistiske fakultet

Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Oslo inviterer programstudentar som har oppnådd mastergrad hausten 2026 eller ligg an til å fullføre grad våren 2027 til ei høgtideleg kandidatmarkering. 

Illustrasjonsbilde Domus Media

Foto: UiO/ Maren Hermansen

Om markeringa

Kandidatmarkeringa 2027 finn stad i Universitetet sin aula, i Domus Media i sentrum.

Gunn Enli, prodekan for studium og utdanning, held tale og alle kandidatane blir ropt opp programvis og får utdelt eit gratulasjonsskriv. 

Arrangementet er kun for programstudentar som har oppnådd mastergrad hausten 2026 eller ligg an til å fullføre grad våren 2027. Du kan invitere opptil to gjestar, dersom du ønskjer det. 

Ver vennleg og møt opp i god tid, da seremonien startar presis. Lokala opnar 45 minutt før seremonien.

OBS! Grunnet rekordhøy påmelding til arrangementet og prioritering av plass til kandidatene, ber vi om forståelse for at kun én gjest kan bli med i Aulaen. Øvrige gjester bes om å se seremonien (via streaming) fra Gamle festsal, som ligger i nabobygget. Vi beklager eventuelle ulemper dette medfører, og takker for deres forståelse og samarbeid.

Påmelding

For å delta må du melda deg på via Nettskjema.

Påmelding kjem

Påmeldingsfrist er 28. mai. 

Kleskode: fint og sommarleg.

Velkommen!

Kandidater i aulatrappene
Publisert 19. mars 2024 16:27 - Sist endra 14. okt. 2026 13:21