Per Ditlef Fredriksen

Professor - Arkeologi
Bilde av Per Ditlef Fredriksen
English version of this page
Telefon +47 22841911
Mobiltelefon +4791126749
Rom 139
Brukernavn
Besøksadresse Blindernveien 11 0371 Oslo
Postadresse Postboks 1008 Blindern 0316 Oslo

Forskningsleder og stedfortreder for instituttleder ved IAKH i perioden 2021-24.

Faglege interesser

Mine faglege interesser inkluderer samtidsarkeologi og historisk arkeologi i det sørlege Afrika, samt jernalder og fokus på kulturarv i Norden. Fellestema er minnestudie, teknologi og kreativitet i handverksmiljø, kunnskapsnettverk, mobilitet og translokalitet, samt utvikling av arkeologisk teori og metode.

Arbeidet innan samtidsarkeologi overlappar med studie innan kritisk kulturarv, og er grunna i ei djup interesse for forholdet mellom arkeologi og antropologi. Sentrale tema er møter mellom kunnskapssystem og verdssyn, menneske/ting-relasjonar og korleis den materielle verda inngår i død, gravlegging og relasjonar til dei døde. I tillegg til diverse utgravingar og prosjekt i Noreg, Sør-Afrika og Zimbabwe har eg også gjort eigne antropologiske studie i Mosambik, Zimbabwe, Botswana og Sør-Afrika.

Samarbeidsprosjekt

2019- The ‘hinterland’ and the coast: commodities production and circulation in southern Africa, AD 700–1800 med kollegaer ved universiteta i Cape Town, Cambridge og Eduardo Mondlane i Mosambik

2019-21 Reinvigorating Scandinavian Research in African Archaeology, med kollegaer ved universiteta i Uppsala, København og Cambridge

2019- The Heritage Experience Initiative (HEI),UiO

2019- Oslo School of Environmental Humanities (OSEH), UiO

2014-2017 Historical Ecology and State Formation in the Shashi-Limpopo Region in Southern Africa: A Cross-Disciplinary Approach, med kollegaer ved University of Cape Town

2014- Technology beyond History. A Comparative Study of Iron Age Innovation and Collapse med Elna Siv Kristoffersen, Universitetet i Stavanger

2013-2018 Death, Materiality and the Origins of Time

Bakgrunn

2019-      Life Member, Clare Hall College, University of Cambridge

2018-19  Gjesteforskar, University of Cambridge

2017       Forskingsleiar og nestleiar, IAKH

2016-      Professor i arkeologi, IAKH

2013-16  Faggruppeleiar arkeologi, IAKH

2011-      Research Associate, University of Cape Town, Sør-Afrika

2010-16  Førsteamanuensis i arkeologi, IAKH

2009-10  Førstelektor i arkeologi, IAKH 

2009       PhD i arkeologi, Universitetet i Bergen

2008       Lektor i arkeologi, IAKH

2002       Hovudfag i arkeologi, Universitetet i Bergen

Emneord: Arkeologi, Jernalder, Teori og Metode, Samtidsarkeologi, Arkeologi i sørlige Afrika
Publisert 9. mars 2010 10:27 - Sist endret 5. jan. 2021 16:54

Prosjekter

Ingen pågående prosjekter