Det sittande styret er valt for perioden 2025-2028.
Rolle
Instituttstyret er det øvste vedtaksorganet ved instituttet. Styret vedtek overordna mål, prioriteringar og strategiar for instituttet. Instituttleiar er leiar i styret, og førebur sakene som vert handterte av styret. Administrativ leiar er sekretær, men ikkje styremedlem.
Alle møte i instituttstyret er normalt opne. Styret kan vedta at eit møte skal gå for lukka dører, slik at berre styrets medlemmar og sekretær er til stades. Styret utøver sitt ansvar tufta på vedtak i universitets- og fakultetsstyret, og innafor dei lovar, forskrifter og reglar som til ein kvar tid er gjeldande.
Saker
Dei fleste sakene styret handterer er regulert i instituttets styrings- og administrasjonsreglement.
Styret handterer
- Årsplan og budsjett.
- Overordna planar, prinsipp og prioriteringar for verksemda, nedfelt i langtidsplanar, til dømes strategisk plan og faglege prioriteringar for instituttet.
- Godkjenning av regnskap og årsrapport er eit av instrumenta til styret for å følgje opp verksemda.
- Den interne organiseringa i avdelingar, faggrupper mv. vert og handtert av instituttstyretstyret, innafor dei rammar som fakultetsstyret fastsetter.
- Ved tilsetting av instituttleiar innstiller styret kven som bør tilsetjast. Innstillinga vert handtert av fakultetsstyret, som har avgjerdsmakt ved tilsettinger.
- Innstillingar til vitskaplege stillingar der fakultetet er tilsettingsmakt.