Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK)
Ved Institutt for filosofi, ide- og kunsthistorie og klassiske språk driv me med forsking, undervising og formidling innanfor desse fagområda.
Me driv fleire studieprogram både på bachelor- og masternivå, og er òg ansvarlege for å gje alle bachelorstudentar ved UiO eit studieopplegg for Examen philosophicum.
Me ivaretek UiO sine vertskapsplikter for eit Senter for framifrå forsking, Senter for studier av rasjonell, språklig og moralsk handling.
Instituttleiar
Tor Egil Førland
Instittutleiar er øvste leiar for IFIKK og leiar for instituttstyret. Instituttleiar vert tilsett for ein periode av fire år.
Administrativ leiar
Administrativ leiar ivaretek den forvaltingsmessige leiinga av instituttet. Studieleiar leier det studieadministrative arbeidet ved instituttet. Avløysar for administrativ leiar er Astrid Lied.