Grammatikk og meining

Forskinga og rettleiinga i syntaks, semantikk og pragmatikk skal få kraft og retning av arbeidet i denne gruppa. Gruppa var aktiv i åra 2015-2026.

Om gruppa

Dei som er med i gruppa «Grammatikk og meining», har ei sams interesse i å kartleggje og forklåre det som samlar og det som skil dei germanske, romanske og slaviske språka når det gjeld det syntaktiske, det semantiske og det pragmatiske.

Dette går på korleis ord og enda mindre einingar veks til heile utsegner, kva tydingar som blir til på vegen fram, og kva desse tydingane blir brukte til.

Målet med samarbeidet er å skuve på og hente det beste ut av det vitskaplege arbeidet vi gjer, leggje til rette for god rettleiing og mentorering og skape ein god grobotn for nye krefter.

Medlemmer

  • Nicholas Elwyn Allott
  • Solomeia Bagautdinova
  • Kristin Klubbo Brodahl
  • Maria Buyko
  • Aldair Diaz Gómez
  • Atle Grønn
  • Dag Trygve Truslew Haug
  • Hans Petter Helland
  • Iuliia Karchina
  • Elizaveta Khachaturyan
  • Tina Malen Bergdølmo Lybekk
  • Christine Meklenborg Nilsen
  • Saeedeh Salimifar
  • Diana Santos
  • Alexandra Anna Spalek
  • Kjell Johan Sæbø
  • Espen Johan Klævik-Pettersen
  • Joanna Nykiel
Publisert 27. juli 2026 09:22 - Sist endret 27. juli 2026 09:22