Olav Gurvin

Ein viktig person i grunnlegginga av norsk musikkvitskapleg forsking.

Olav Gurvin (1893 - 1974) var Noregs første professor i musikkvitskap, og den første instituttleiaren ved IMV. Då han avla si magistergrad i 1928 med ei avhandling om norsk programmusikk, hadde ein problem med å finne kompetente sensorar til bedømminga. Valet falt då på komponisten Fartein Valen. Musikken hans var omhandla i oppgåva. Valen var sensor i lag med Ole Mørk Sandvik. Gurvin var svært interessert i folkemusikk. Under krigen vandra han gjennom Setesdal og tok opp ulik folkemusikk. Gurvin vart utnemnt til dosent i 1947, og byrja med undervisning i 1948.  I 1957 vart han Noregs første professor i musikkvitskap. I eit intervju fortel professor Arvid O. Vollsnes at som person var Olav Gurvin stram og steil, men at han også var ein igangsetter som fekk ting til. Dette var tilfelle ved opprettinga av Norsk Folkemusikkinstitutt (seinare Norsk folkemusikksamling) i 1951, der Gurvin gjekk over hovudet på alle for å få oppretta instituttet. I 1968 ga Gurvin ut den første utgåva av årsskriftet Studia Musicologica Norvegica, som i dag er det mest sentrale tidsskriftet for musikkvitskapelege artiklar i Noreg.

Les meir om Olav Gurvin i Norsk biografisk leksikon, der Nils Grinde har skreve artikkelen om han.

Kjelder: Nils Grinde i Norsk biografisk leksikon og Arvid O. Vollsnes.

Publisert 2. apr. 2014 17:48 - Sist endret 23. juni 2014 14:45