Studentane ved Det humanistiske fakultet (HF) var dei som kutta mest CO₂ i snitt per deltakar i Klimakonkurransen ved UiO.
Konkurransen blir arrangert av Grønt kontor, og både enkeltpersonar og lag kan delta.
HF-studiet Kulturarv og konservering blei kåra til det beste laget, og studentane kunne stolt ta imot ein hyttetur som premie.
Prodekan ved HF, Mathilde Skoie, var til stades på prisutdelinga. Ho er imponert over innsatsen:
– Vi er veldig stolte og glade for at studentane våre er så opptekne av miljø. Dette resultatet reflekterer studentane sitt personlege engasjement, og harmonerer godt med fakultetet si satsing på studiar og forsking innan bærekraft og miljø.
Enkle tiltak hjelper
I løpet av ni dagar har studentane registrert klimavennlege aktivitetar dei gjer i kvardagen. Alt frå å resirkulera avfall og ikkje kasta mat, til å slå av lys og unngå å skriva ut unødvendig papir.
Totalt kutta studentane ved UiO 10 159 kg CO₂ i løpet av konkurransen. Det tilsvarar ein flytur på 41 635 km, som kunne ført oss heile vegen rundt jordkloden.