Gjenferdet inn: Kunst og kultur som motstand

Kva rolle kan kunsten spela i den palestinske frigjeringskampen? Velkommen til «Innsikt» på Det Norske Teatret.

En kvinne med mørkt, oppsatt hår, kledd i svart kappe og hvit prestekrage. Foto.

Seda Witt i rolla som Sonia. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret

Gå til Facebook-arrangementet

Det er ein lang palestinsk tradisjon for å bruka kunst og kultur som motstand: måleri, musikk, dikt, litteratur, teater og kulturarv.

Kunstnarar og forfattarar har spelt ei viktig rolle for palestinarane si forståing av seg sjølv. Dette har gjennom mange tiår gitt uttrykk for ein palestinsk identitet som utfordrar geografisk fragmentering, undertrykking under okkupasjon og eksil.

Resultatet er eit rikt symbolsk og visuelt språk, der kjende diktstrofer blir gjentatt av både unge og gamle, og trykk av ikoniske måleri prydar palestinske heimar både i diasporaen og i flyktningleirar.

Denne samtalen ser nærare på forholdet mellom kunst og politikk, og korleis kunst og kultur kan vera ei form for motstand og utfordra makt.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og «Makt – Humaniorafestivalen 2026», og vil vera ein del av teatret sitt Palestinaprogram.

Du møter

  • Toufoul Abou-Hodeib, professor i historie ved Universitetet i Oslo.
  • Mia Habib, ein av initiativtakarane til og styreleiar for Jødiske stemmer for rettferdig fred. Ho er også koreograf og dansar, og påtroppande teatersjef ved Carte Blanche, Noregs nasjonale kompani for samtidsdans.
To portrettbilder av to kvinner. Foto.
Toufoul Abou-Hodeib (foto: UiO/Lisbet Jære) og Mia Habib (foto: Gerli Mõttus).

Praktisk informasjon

Introduksjonen går føre seg på Scene 3 på Det Norske Teatret. Arrangementet er gratis og ope for alle, men du må ha billett.

Hent ut gratisbillett (detnorsketeatret.no)

Det Norske Teatret ligg i Kristian IVs gate 8. Finn vegen med Google maps.

Makt – Humaniorafestivalen 2026

Flere avlange røde elementer som er stablet sammen slik at de danner en "M" som faller litt fra hverandre, med en svart kule midt i. Grafisk.

Frå 11. til 26. mars inviterer Universitetet i Oslo til festival om makt.

Få med deg samtalar, føredrag, filmvisingar og mykje meir, på biblioteka til Deichman og ved kulturinstitusjonar over heile byen.

Alle arrangementa er gratis!

Les meir om «Makt – Humaniorafestivalen 2026»

Meld deg på vårt nyheitsbrev!

Vil du studere humanistiske fag?

Sjekk kva du lærer, kva jobbar du kan få og korleis det er å være student.

Sjå vårt studietilbod

Publisert 3. feb. 2026 14:20 - Sist endra 5. feb. 2026 07:50