Heavy metal på frammarsj i Midtausten

Det blir stadig enklare å vere heavy metal-musikar i Midtausten. Kva slags makt har denne subkulturen i regionen?

Fem menn i sorte klær på en scene som spiller og synger. I bakgrunnen en sort og rød skjerm med bokstavene "Kimaera".

Death metal-bandet Kimaera fra Libanon på en konsert i Dubai i 2024. Foto: Kimaera

Gå til Facebook-arrangementet

Heavy metal er i ferd med å vinne terreng i fleire land i Midtausten. Dette gjeld særleg «ekstreme» undersjangrar som death metal, thrash metal, black metal, grindcore og doom.

Ekstremmetalband opptrer opent på scenar i Libanon, Tyrkia og Jordan. Samtidig har Saudi-Arabia og Dubai etablert seg som regionale knutepunkt for metal, der eit omfattande miljø av musikarar, promoteringsbyrå og festivalar dyrkar dei mørkare og tyngre greinene av rockemusikken.

Korleis har ei grenseoverskridande musikkform klart å slå rot i samfunn som vanlegvis har liten toleranse for normbrytande oppførsel?

Ung mann med kort hår og skjegg, og briller i grå jakke og rød t-shorte. Foto.
Erling Lorentzen Sogge. Foto: Veslemøy Oma

Du møter

Erling Lorentzen Sogge er førstelektor i Midtaustenstudiar ved Universitetet i Oslo. Han er mest kjend for si forsking på den palestinske nasjonalrørsla og sosiopolitisk liv i flyktningleirar i Libanon og på Vestbreidda. I den siste tida har Sogge retta si faglege merksemd mot ein veksande subkultur i Midtausten, og han vil dele innsikt frå ferske intervju med leiande band frå Libanon og Dubai.

Praktisk informasjon 

Biblioteket ligg i andre etasje på Stovner Senter. Adresse: Stovner Senter 3. Finn veien med Google maps.

  • Avstand fra Jernbanetorget til Stovner T-banestasjon: 25 minutter (linje 5 Vestli)
  • Gåavstand fra Stovner T-banestasjon: 4 minutter

Makt – Humaniorafestivalen 2026

Flere avlange oransje elementer som er stablet sammen slik at de danner en "M" som faller litt fra hverandre, med en svart kule midt i. Grafisk.

Frå 11. til 26. mars inviterer Universitetet i Oslo til festival om makt.

Få med deg samtalar, føredrag, filmvisingar og mykje meir, på biblioteka til Deichman og ved kulturinstitusjonar over heile byen.

Alle arrangementa er gratis!

Les meir om «Makt – Humaniorafestivalen 2026»

Meld deg på vårt nyheitsbrev!

Vil du studere humanistiske fag?

Sjekk kva du lærer, kva jobbar du kan få og korleis det er å være student.

Sjå vårt studietilbod

Publisert 3. feb. 2026 14:45 - Sist endra 4. feb. 2026 07:55