Makt og lagnad i «Medmenneske»

Korleis skildrar Olav Duun dei irrasjonelle kreftene som styrer oss? Velkommen til «Innsikt» på Det Norske Teatret med professor Ronny Spaans.

To kvinner som sit ved eit bord og ser på kvarandre og held hender. Foto.

Skodespelarane Sigrid Kandal Husjord og Ameli Isungset Agbota i framsyninga av «Medmenneske». Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

Gå til Facebook-arrangementet

Olav Duun er ein av dei mest gripande forfattarane i norsk litteratur. I «Medmenneske», eit høgdepunkt i forfattarskapen, utforskar han makt og lagnad mellom menneske.

Det handlar om den vonde Didrik Dale, den underkua sonen Håkon og svigerdottera Ragnhild. Romanen fører oss inn i menneskesinnet, i dei irrasjonelle maktene som styrer oss.

I innsikt blir du betre kjend med karakterane i «Medmenneske» og det litterære språket til Duun, dei råkande replikkane fulle av verbal kraft og underdriving. Det er ein forteljarkunst som går tilbake til islendingesogene. Duun skreiv norske soger i same stil.

Ragnhild sitt sitat «Det vonde drep du ikkje med øks» fortel både om språkleg kreativitet og om miskunn, som er så typisk for Duun. Men kva meiner Ragnhild eigentleg når ho seier dette?

Portrett av en mann med briller som smiler. Han er kledd i lys skjorte og jakke i brunt og blått. Foto.
Ronny Spaans. Foto: Alf Øksdal/UiO

Arrangementet er eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og «Makt – Humaniorafestivalen 2026».

Du møter

Ronny Spaans er professor i litteraturhistorie ved Universitetet i Oslo. Han forskar på nynorsk litteratur i førre hundreåret, forfattarar som Olav Nygard og Olav H. Hauge, og han arbeider for tida med ei bok om topografisk litteratur på 1600-talet. Han er òg medredaktør av Norsk litterær årbok.

Praktisk informasjon

Arrangementet er gratis og ope for alle. Skal du sjå framsyninga, må du ha billett. Les meir om framsyninga «Medmenneske» på nettsidene til Det Norske Teatret.

Det Norske Teatret ligg i Kristian IVs gate 8. Finn vegen med Google maps.

Makt – Humaniorafestivalen 2026

Flere avlange oransje elementer som er stablet sammen slik at de danner en "M" som faller litt fra hverandre, med en svart kule midt i. Grafisk.

Frå 11. til 26. mars inviterer Universitetet i Oslo til festival om makt.

Få med deg samtalar, føredrag, filmvisingar og mykje meir, på biblioteka til Deichman og ved kulturinstitusjonar over heile byen.

Alle arrangementa er gratis!

Les meir om «Makt – Humaniorafestivalen 2026»

Meld deg på vårt nyheitsbrev!

Vil du studere humanistiske fag?

Sjekk kva du lærer, kva jobbar du kan få og korleis det er å være student.

Sjå vårt studietilbod

Publisert 3. feb. 2026 14:26 - Sist endra 5. feb. 2026 11:15