Makta til å kunne definere seg sjølv, og retten til å vere ein akseptert outsider, er sentrale problemstillingar i Side Brok sine tekstar. Kan du vere intellektuell på bygda? Kan ein røyke hasj og droppe syre når alle andre berre drikk sprit? Kan råning vere eit verdfullt og vakkert nasjonalromantisk kulturuttrykk?
Høge Brelle vart eit slags kroneksempel på omstridd ektheit i 2004. Plata kom ikkje frå det tunge, relativt lukka Oslo-miljøet. Side Brok kom frå bygda, og var godt vaksne. Det var publikum og NRK Urørt som dytta dei fram til mainstreamen – Høge brelle låg åtte veker på VG-lista – og det var ikkje uproblematisk for det hiphopkonservative miljøet.
På mange måtar braut Høge Brelle med alt som var «reglane» for norsk hiphop. Men går ein det etter i saumane så er det gjennomsyra av hiphopkulturelle tropar, praksisar og etos. Og kanskje nettopp derfor er det _meir_ hiphop enn det meste anna frå same tida.
Vi dempar lyset, skrur opp volumet på eit fantastisk lydanlegg og høyrer heile albumet frå byrjing til slutt. Etter lytten vert publikum invitert med i samtalen.
Program
- 17.00: Vi viser Runar Gudnasons dokumentarfilm «Eg har ord» der han legg ut på ei personleg og musikalsk reise i tid og ord. Gudnason gir ein kort intro før filmen.
- 18.00: Baren i kjelleren opnar. Vi varmar opp med Side Brok på anlegget!
- 18.35: Dørene til Deichmansalen opnar
- 19.00: Prat med Runar Gudnason (Sjef R og Thorstein Hyl III), Bård Aasen Lødemel (Skatebård), Kjell Andreas Oddekalv (Dr. Kjell) og Kent Horne
- 19.55: Albumlytt (speletid 53:00)
- 20.45: Prat med publikum
Du møter
- Runar Gudnason er norsk rappar, kjent som Sjef R og Thorstein Hyl III i Side Brok.
- Bård Aasen Lødemel er DJ og produsent, og kjent som Skatebård i Side Brok.
- Kjell Andreas Oddekalv er rap-forskar ved Universitetet i Oslo. I hiphopgruppa Sinsenfist er han kjent som Dr. Kjell. Oddekalv har skrive bok om «Høge brelle».
Lytteklubbvert Kent Horne styrer ordet.

Praktisk informasjon
Arrangementet er gratis, men vil du vera sikra plass må du ha billett. Ubrukte billettar blir gitt vidare ved arrangementsstart.
Billettane blir tilgjengelege éi veke før arrangementet, torsdag 19. mars kl. 08:00.
Hent ut gratisbillett til albumlytt (deichman.no)
Hent ut gratisbillett til filmvisning (deichman.no)
Deichman Bjørvika ligg på Anne-Cath Vestlys plass 1. Finn vegen med Google Maps.
Makt – Humaniorafestivalen 2026

Frå 11. til 26. mars inviterer Universitetet i Oslo til festival om makt.
Få med deg samtalar, føredrag, filmvisingar og mykje meir, på biblioteka til Deichman og ved kulturinstitusjonar over heile byen.
Alle arrangementa er gratis!
Vil du studere humanistiske fag?
Sjekk kva du lærer, kva jobbar du kan få og korleis det er å være student.