Forlagsbesøk på Samlaget

Lurer du på korleis ei bok blir til og korleis eit forlag arbeider? Bli med bak kulissane hos Samlaget.

En stabel med bøker. Foto.

Foto: Arne Vatn/UiO

Samlaget og Det humanistiske fakultetet inviterer til forlagsbesøk. Dette er ei unik moglegheit til å få eit innblikk i korleis eit forlag tenkjer og arbeider.

Påmelding

Det er avgrensa med plassar. Først til mølla gjeld.

Meld deg på her

Program

  • Velkommen og kort intro om Samlaget, ved administrerande direktør Edmund Austigard 
  • Korleis blir ein roman til? Om skjønnlitterært forleggeri, redaktørens kvardag og redaksjonelt arbeid med «Doggerland», ved redaktør Maren Ingeborg Hvamstad 
  • Pause 
  • Korleis skape blest om ei bok? Marknadsføring og pressearbeid av skjønnlitteratur i dag, med «Doggerland» som eksempel, ved marknadskoordinator Katerina Futsæter Vik og kommunikasjonssjef Karin Helgøy

Om samlaget

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk og norske målføre. 

Dei gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning. 

Samlaget har lang tradisjon med omsetjing og utgjeving av sentrale internasjonale titlar, både samtidsbøker og klassikarar.

Blant forfattarane på Samlaget er Agnes Ravatn, Maria Parr og Nobelprisvinnar Jon Fosse. 

Om Heile HF les

Heile HF les er eit leseprosjekt for førsteårsstudentane ved Det humanistiske fakultetet, og alle nye studentar får i år eit eksemplar av boka «Doggerland» av Agnes Ravatn.

Målet med prosjektet er å fremja leseglede og skapa ei motvekt til forstyrringar, gjennom å laga fellesskap rundt lesing.

I tillegg til forlagsbesøket vil det vera to arrangement knytte til prosjektet og boka denne hausten:

 

Publisert 10. aug. 2026 10:44 - Sist endret 16. sep. 2026 10:16