Målet med leseklubben er å få til ein uformell og inkluderande samtale der deltakarane kan utveksla erfaringane sine. Kanskje dukkar det opp nye perspektiv ved boka du ikkje har tenkt på?
Velkommen til lesefest!
Det blir servering av wraps og mineralvatn.
Vil du vera med, men ikkje fått lese boka? Hent eit gratis eksemplar i HF-studieinfo, 1. etasje i Niels Treschows hus.
Køyrereglar for ein god leseklubb
Under finn du nokre køyrereglar og refleksjonsspørsmål som kan vera greie å ha i bakhovudet medan du les, og som du kan ta med deg inn i lesetreffet. Desse er utarbeidde av Ingeborg Volan i Dei Norske Bokklubbane.
- Det finst ingen fasit. Tolkinga di av boka og det som skjer i ho, er minst like god som nokon annan si.
- Ikkje ver redd for å seia det du meiner. Ver open og respektfull når nokon deler inntrykka og oppfatningane sine.
- Det er heilt greitt å ikkje ha lyst til å seia noko. Men det blir ein ganske keisam lesesirkel viss ingen meiner noko som helst. Så viss du har ein tanke – del den med oss andre!
Om Heile HF les
Heile HF les er eit leseprosjekt for førsteårsstudentane ved Det humanistiske fakultetet, og alle nye studentar får i år eit eksemplar av boka «Doggerland».
Målet med prosjektet er å fremja leseglede og skapa ei motvekt til forstyrringar, gjennom å laga fellesskap rundt lesing.
I tillegg til leseklubb vil det vera to arrangement knytte til prosjektet og boka denne hausten: