Bokbad med Agnes Ravatn

Høyr forfattar Agnes Ravatn snakka om «Doggerland» – årets bok i leseprosjektet Heile HF les.

Ein kollasj av eit bokomslag og ei kvinne. Foto.

Foto: Agnete Brun/Samlaget.

I det første av tre Heile HF les-arrangement denne hausten, kjem forfattaren Agnes Ravatn på besøk for å gi oss innsikt i forfattarskapen hennar og romanen «Doggerland».

Bokbadar er Hanna Dahl Ullmann, student på allmenn litteraturvitskap ved UiO. 

Det blir servert kaffi og bakverk.

Program

  • Studiedekan Gunn Enli ønskjer velkommen
  • Stipendiat i nordisk litteratur Anna Kvam introduserer forfattaren
  • Bokbad
  • Det blir opna for spørsmål frå publikum

Om Agnes Ravatn

Agnes Ravatn har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, mellom anna romanane «Fugletribunalet» (2013), «Dei sju dørene» (2019) og «Gjestene» (2022).

Ho har òg gitt ut fleire populære sakprosabøker, mellom anna bestseljaren «Operasjon sjølvdisiplin» (2014). «Doggerland» er Ravatn sin femte roman.

I september 2025 blei ho tildelt den prestisjetunge Bjørg Vik-prisen for den samla forfattarskapen sin.

I «Doggerland» utforskar Ravatn korleis makt, arv og løgner påverkar menneske i ei tid der litteraturen er i ein utsett posisjon. Forteljinga er tett og intens – om ein familie og eit forlag som held på å bryta saman.

Om Heile HF les

Heile HF les er eit leseprosjekt for førsteårsstudentane ved Det humanistiske fakultetet, og alle nye studentar får i år eit eksemplar av boka «Doggerland».

Målet med prosjektet er å fremja leseglede og skapa ei motvekt til forstyrringar, gjennom å laga fellesskap rundt lesing.

I tillegg til bokbadet vil det vera to arrangement knytte til prosjektet og boka denne hausten:

 

Publisert 10. aug. 2026 10:44 - Sist endret 13. aug. 2026 12:47