English version of this page

Kick-off for MultiLing Aphasia

Denne veka markerte MultiLing oppstarten av prosjektet Studier av fleirspråkleg afasi med gjestar frå inn- og utland samla til kick-off med føredrag og diskusjon.

Personar på MultiLing Aphasia kick-off. Foto: UiO.

Foto: UiO

Studier av fleirspråkleg afasi er eit av tre nye prosjekt som er gjort moglege av Universitetet i Oslo si finansiering til fem verdsleiande forskingsmiljø. Til prosjektet har MultiLing rekruttert professor Mira Goral (CUNY, USA) som professor II, som ein del av senteret sin nye status som eit verdsleiande forskingsmiljø, og ho er for tida i Oslo i samband med prosjektet.

På tysdag var det duka for oppstartsseminar for prosjektet, der Mira Goral var ein av dei som heldt føredrag om afasi hjå fleirspråklege personar. På seminaret snakka også MultiLings to nye postdoktorar på prosjektet, Ekaterina Kuzmina og Leena Maria Heikkola. Dei to presenterte forskingsprosjekta sine, der Kuzmina forskar på kognitiv kontroll og mønstre ved fleirspråkleg afasi, medan Heikkola brukar the Bilingual Aphasia Test og narrativ analyse for å forske på korleis afasi påverkar dei ulike språka til fleirspråklege personar, og om terapi på eitt språk kan påverke eit anna språk. I tillegg til deltakarar frå dei to MultiLing-prosjekta MultiLing Aphasia og MultiLing Dementia, samt frå forskargruppa for klinisk lingvistikk og språktileigning, hadde oppstartsseminaret også deltakarar frå afasiteamet på Statped, logopedar frå fleire sjukehus i Oslo, og tilsette frå Institutt for spesialpedagogikk på UiO. Saman diskuterte dei moglegheiter og utfordringar for prosjektet som no er i gong for fullt!

Av Malene Bøyum
Publisert 1. juni 2017 16:33 - Sist endret 2. juni 2017 10:46