Haustens studentar på emnet ROMA2020

No er ROMA2020 fullt i gang denne hausten, med studentar frå fleire universitet i Noreg som har komet til Italia sin hovudstad for å oppleve og lære om byen gjennom ein fleirfageleg tilnærming. Emnet baserer seg på ekskursjonar og monumentbasert undervising, der studentane får sjå, og djupare forstå, Roma som stad og symbol.

Bildet kan inneholde: jeans, himmel, sky, reise, naturlig landskap.

ROMA2020 studentar på ekskursjon på den aurelianske mur

I september leia postdoktor hos det norske institutt i Roma, Christopher Siwicki ein  ekskursjon til den aurelianske mur, Cestiuspyramida, Porta San Sebastiano, og Caracallas termer. Ein vanleg undervisningsveke på ROMA2020 består oftast av fire dagar med ekskursjonar og undervisning, og ein dag med gruppeoppgåver.

Den aurelianske mur var Roma sin bymur byggja mellom 271 og 275 e.kr. og er det største byggverket i Roma. Postdoktor Chris leia studentane langs muren, og fortalte om historia og den kulturelle betydinga muren og monumenta langs muren har. Den aurelianske mur er svært lang og strekkjer seg 19 km i lengda. Med denne spektakulære storleiken på muren omringa den meir enn kjernen av hovudstaden. Den var både bygd for å verne om Roma, men òg for å vise fram keisaren og Roma sin rikdom og makt. På bilete over kan ein sjå årets ROMA2020 studentar som står på toppen av ein av murens mange porter: Porta San Sebastiano, som er den største og ein av dei best bevarte portane til den aurelianske mur. Porten vart bygd av Aurelian ved slutten av byggjeperioden til muren, men har sidan det vore omforma og bygd om av seinare keisarar og kongar til den ytterleggåande fasaden vi ser i dag.

pyramide, studenter, blå himmelDet fyrste stoppet på ekskursjonen var til det pyramideforma gravkammeret til Gaius Cestius som var ein romersk prest i det religiøse kollegiet Epulones: Cestiuspyramida. Epulones var eit av dei fire store religiøse kollegia i det antikke Roma. Med eit godt bevart gravkammer frå antikken og ei spennande historie, var dette både ein læringsrik og gledeleg start på ekskursjonen. Etter å ha gått langs den aurelianske mur, og lært om både muren og portane, vart det siste stoppet på ekskursjonen Caracallas termer. Der fekk studentane lære om bada si sosiale betydning i antikke Roma, samt deira historie. Caracallas termer vart byggja på tidleg 200-talet. Og med 100 000 kvadratmeter er desse ruinane ei fantastisk oppleving å sjå, og gå gjennom. Gjennom mange spennande ekskursjonar vil studentar på ROMA2020 forstå Roma si utvikling som stad og symbol, og gjere greie for byen sin viktige funksjon og utvikling.

Jente som smiler, brunt halvlangt hår
Eira Riiser Moe (22)

ROMA2020 gjev 20 studiepoeng, og kan kombinerast med emnet ROMA2021 som gjev 10 studiepoeng, slik ein kan oppnå full studieprogresjon samstundes som ein er i hovudstaden. Ein av studentane som gjer dette er Eira Riiser Moe (22) som tek ein bachelor i samfunnsgeografi på UiO og har tidlegare tatt eit årsstudium i kunsthistorie.

Ho interesserer seg for byar og byutvikling, og følar at fleire aspektar ved semesteret hos DNiR er relevant og givande for både hennar fagfelt og interesser. Eira visste at ho ynskja å dra på utveksling og for ho var Roma eit klart val. Ho er særs nøgd med den monumentbaserte undervisinga. «Det er ein annleis undervisningsform, ein får eit avbrekk frå den vanlege lesekvardagen, og ein får vera i ein an anna by og oppleve ein annan kultur.» presisera ho før ho legg til: «Ein får sett dei monumenta ein har lest om tidlegare! Då eg gjekk kunsthistorie sat eg og las om mange av dei verka vi dreg og ser no. Men eg hadde inga tilknyting til dei tidlegare, noko eg får no.» Sjølv om ho tykjar at undervisinga kan vere intensiv, med mykje informasjon på kort tid, so presisera ho at ein lærar mykje, og at informasjonen går betre inn av å sjå stadane og monumenta ein lærar om, og at det samstundes er morosamt. «Eg følar at eg får ein ‘guidet tour’. Noko eg likar og ynskjer å gjere når eg reiser til ulike byar uansett kor, men her er det meir detaljert og meir fagleg»

bymur, blå himmel, studenter
Studentar på ekskursjonsundrvisning til Caracallas termer

Sjølv om ho er særs nøgd med det faglege, er det framleis ikkje berre det studenten trekk fram som meiningsfullt. Eira presisera at det å være på instituttet er gøy og hyggjeleg i seg sjølv. Det å trivast er vel så viktig når ein studera, og gjennom ROMA2020 blir ein godt kjend med kvarandre gjennom ekskursjonane og aperitivi ein har saman. Når Eira blei spurt om ho rådar andre studentar å gjere det same som ho, ved å ta eit semester på DNiR, var svaret tydeleg og klart: «Absolutt!»

Om du òg ynskjer å ta eit semester i Roma gjennom DNiR kan du søkje om opptak på emna via søknadsweb i mai, sjå meir om opptak og emna her:

Roma2020 Roma - Sted og Symbol 

Roma2021 Romas idéhistorie

Av Hanna Sofie Myklebust Gjøsund
Publisert 18. okt. 2022 11:59 - Sist endret 18. okt. 2022 15:28