Vår nye postdoktor Synnøve er frå Nordhordland, og har studert språk (fransk og latin) ved Universitetet i Oslo. Ho er ikkje ukjend med Roma og instituttet, for i 2012–2013 tok ho eit introduksjonskurs til handskriftsstudium i byen, det såkalla FIDEM-kurset, som i mange år har nytta lokala til DNIR for delar av undervisninga. FIDEM-kurset førte Synnøve inn i mellomalderfilologien, og etter kurset vart ho doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Bergen. Avhandlinga hennar handla om fragment frå franskproduserte mellomalderhandskrift i Noreg og den historiske konteksten av fransk-norske nettverk i høgmellomalderen. Seinare har ho forfylgt dette temaet og har utvida forskinga si til òg å gjelda andre delar av Skandinavia, spesielt Danmark. Frå 2020 til 2023 var ho postdoktor ved UiB med eit prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd, der ho undersøkte påverknad frå dagens Nord-Frankrike og Belgia på norsk og dansk handskriftskultur. Det siste året har ho arbeidd som forskar ved Specialsamlingerne i Det Kgl. Bibliotek i København.
Vi spurde Synnøve om kvifor ho valde filologien.
«Godt spørsmål! Filologi er jo eit omgrep som omfattar både språk og litteratur, men spesielt fag som klassisk filologi og mellomalderfilologi krev òg historisk kunnskap. Og omvendt vil det alltid vera ein fordel for historikarane å ha gode språkkunnskapar. Eg har vel alltid vore historisk interessert, og då eg studerte fransk, var det språkhistorie eg likte best. Det var difor rettleiaren min på mastergraden føreslo at eg skulle ta FIDEM-kurset: Eg hadde nemleg valt å skriva masteroppgåve om gammalfransk, og med 60 studiepoeng i latin frå bachelornivå, burde jo eit kurs om mellomalderhandskrift vera noko for meg. Og det hadde ho rett i.»
Som Astrup-postdoktor ved DNIR skal Synnøve fordjupa seg i oppfatninga av Roma i Skandinavia på 1100-talet. Prosjektet er inspirert av, og tek utgangspunkt i, eit handskrift i Vatikanbiblioteket (BAV Vat. Lat. 636) som stammar frå det danske cisterciensarklosteret Esrum. Handskriftet er frå slutten av 1100-talet, og Synnøve fortel at det inneheld to tekstsamlingar – ei lang og ei kort – utført av to skrivarar, og begge samlingane inneheld tekstar om Roma. Ho vil undersøkja korleis og i kva grad oppfatningane og ideane om Roma som finst i desse tekstane, vart formidla frå kontinentet til Danmark, og derifrå (kanskje) vidare til resten av Skandinavia.
Vi spør kva ho vil tilrå besøkjande i Roma å sjå for å bli kjende med mellomalderen i byen, ein periode som ikkje er like synleg som til dømes antikkens og barokkens Roma. Synnøve seier at ein kan få eit inntrykk av korleis byen var på denne tida om ein går i området der romarane stort sett budde i mellomalderen, nemleg i Centro Storico – særleg dei smale gatene vest for Piazza Navona – og området rundt Peterskyrkja og Castel Sant'Angelo. Sistnemnde var opphavleg mausoleet til keisar Hadrian (d. 138), men vart i mellomalderen ombygd til festning for paven; gangvegen "Passetto di Borgo" fører dit frå Peterskyrkja, slik at paven raskt kunne søkja tilflukt. Passetto-en er òg med i "Angels & Demons" av Dan Brown, der gangvegen vert brukt til å bortføra fire kardinalar!
Men for ein illustrasjon av korleis mellomalderens Roma bokstavleg talt bygde på, og inkorporerte, antikken, ville Synnøve ha besøkt San Clemente-basilikaen frå 1100-talet, der ein kan gå under kyrkjebygget og sjå utgravingane av dei ulike laga av historia, to tusen år tilbake i tid. Den ni hundre år gamle basilikaen verkar plutseleg ganske ny i forhold.
Som nytilsett har Synnøve kome til eit institutt som er meir kaotisk enn vanleg på grunn av oppussingsarbeida som er i sin siste fase, men det tek ho med godt humør. I tida framover gler ho seg til å arbeida med prosjektet sitt, men òg til å læra meir om periodar og tema som ho ikkje kjenner spesielt godt frå før, til å få nye kontaktar ved og utanfor instituttet, og til å få oppfriska italiensken sin. Ho ser fram til å utforska delar av Roma ho ikkje har sett før, eller ikkje har sett på lenge. Så håpar ho òg å få sjansen til å reisa meir rundt i Italia etter kvart. «Pinleg nok kom eg meg aldri til Napoli i 2012–13, sjølv om det slett ikkje er noko langt», seier ho. No får ho ein ny sjanse!