Med historia mellom hendene

Mikaela og Taran kombinerer det tradisjonsrike FIDEM-kurset i mellomalderhandskrift med forskingsopphald ved Det norske instituttet (DNIR).

To smilende kvinner med bylandskap i bakgrunnen

Taran (t.v.) og Mikaela på Instituttets tak

Av Synnøve M. Myking (postdoktor ved Det norske institutt i Roma)
Publisert 10. apr. 2025

Introduksjonskurset i handskriftsstudium vert arrangert av ein internasjonal samanslutnad av organisasjonar som driv med mellomalderforsking –  Fédération internationale des instituts d’études mediévales, forkorta FIDEM. Kurset gjev ei innføring i sentrale disiplinar som mellomalderlatin, paleografi, kodikologi og diplomatikk, og går føre seg i Roma, med deltakarar frå mange ulike land.

I år har Noreg vore representert ved Mikaela Platander (26) og Taran Palmstrøm Fenn (27), som begge høyrer til Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) ved Universitetet i Oslo. Dei har fått stipend for å vera gjesteforskarar ved instituttet samtidig som dei fylgjer FIDEM-kurset. Praktisk nok har kurset gått føre seg i lokala til DNIR, så dei har ikkje trengt å springa frå kontor og bibliotek til møterom.

Klesdrakt, kjensler og natur

Mikaela er i gang med siste semester av mastergraden, og skriv oppgåve om klesdrakt og kjensler i klosterregelen til den svenske helgenen Birgitta av Vadstena (1303–1373); Birgitta var òg tema for bacheloroppgåva hennar. Taran er framleis i det fyrste året av ph.d.-graden, og arbeider med eit prosjekt om historieverket Chronica Majora av den engelske munken Matthew Paris (1200–1259), der ho ser på korleis forfattaren inkorporerer naturfenomen i narrativet. Tidlegare har ho utforska liknande tema i masteroppgåva si, som vart tildelt Collegium Medievale sin masterpris for 2023.

Dei to fagstipendiatane har altså grundig kjennskap både til kjeldene og periodane dei arbeider med, men meiner likevel dei har fått eit heilt nytt blikk på materialet gjennom det dei har lært på kurset.

Ad fontes

– Då eg skreiv bacheloroppgåva, arbeidde eg med Birgitta-tekstane i omsetjing, seier Mikaela. – I masteroppgåva mi brukar  eg den latinske teksten. Difor var spesielt latindelen av FIDEM-kurset veldig nyttig. Det gjorde meg tryggare på å arbeida med originalkjelda.

Taran seier seg samd. – Kurset her har gjeve meg sjølvtillit til å lesa latin som latin, som eit eige språk med sin eigen logikk, i staden for heile tida å prøva å pressa grammatikken inn i rammene for moderne språk. Kjeldene vert meir tilgjengelege når ein kan lesa dei på originalspråket, men ein ser òg andre aspekt, som til dømes kva rolle syntaks kan spela for tolking av teksten. Sidan latinsk ordstilling er så fleksibel, kan det vera verdt å merka seg kva ord eller frasar forfattaren vel å plassera fremst i ei setning.

Møte med manuskript

– Korleis har det vore å arbeida ikkje berre med originaltekstar, men med materialet som har overlevert dei? Fekk de sjansen til å sjå mange handskrift?

– Ja, me har sett både digitaliserte handskrift – spesielt i paleografidelen av kurset, då me skulle øva oss på å lesa dei ulike skrifttypane – og fysiske originalar, mellom anna i Vatikanbiblioteket. Det var veldig moro å sjå eit handskrift og faktisk vera i stand til å lesa det som står der, seier Mikaela.

Taran legg til at treninga i praktiske ferdigheiter ein får gjennom FIDEM-kurset, er særs verdfull for ein mellomalderforskar. – Og det er ein type trening som ikkje er tilgjengeleg mange andre stader, i alle fall ikkje i Noreg.

Det var Line Cecilie Engh, professor i idéhistorie ved IFIKK og styremedlem i FIDEM, som tipsa dei begge om kurset. Nytt av året er at undervisingsspråket er engelsk i staden for italiensk, og at kurset er komprimert til å passa inn i eitt semester, i staden for å strekkja seg over to, slik det gjorde tidlegare. Målet er å gjera kurset meir tilgjengeleg for fleire, noko som ser ut til å ha vore vellukka. – Eg kunne ikkje ha teke kurset om eg ikkje kunne ha gjort det no i vårsemesteret, samtidig med at eg skriv masteroppgåva, slår Mikaela fast.

Kurset som opnar dører

Bildet kan inneholde: møbler, bord, elektronisk enhet, t-skjorte, skrivebord.Den nye versjonen av FIDEM-kurset er sett saman av to modular, A og B. Både Taran og Mikaela nøyer seg med modul A i denne omgangen, men begge ser føre seg å venda tilbake til Roma for å gjennomføra modul B på eit seinare tidspunkt. Mikaela er snart ferdig med mastergraden, men har lyst til å gå vidare med forsking. Kurset har gjeve henne nye faglege interesser:  – Eg har fått augo opp for det fysiske handskriftet og ikkje berre for den abstrakte teksten, seier ho.

Taran har tenkt seg tilbake i løpet av prosjektperioden. – FIDEM har opna dører til alle ressursane som finst i Roma; det er så mange bibliotek, arkiv og institusjonar som me har fått kjennskap til. Men kurset har òg gjort sjølve historia meir tilgjengeleg. Berre det å sjå alle kyrkjene som finst her i byen, gjer at ein får ei heilt ny forståing for den kulturen som fanst i mellomalderen.

– Det å skriva om Birgitta, som jo var i Roma, seier Mikaela.  – Og få gå i hennar fotspor – å sjå ein gammal mosaikk, og vita at ho har sett den same mosaikken – det er veldig spesielt. Ein får ny innsikt i menneska bak tekstane.

Ressursar og fagmiljø på instituttet

I tillegg til å gå på FIDEM-kurset har altså Mikaela og Taran vore fagstipendiatar ved Det norske instituttet, der dei har fått sjansen til å presentere prosjekta sine på dei faglege instituttseminara, som går føre seg tysdag føremiddag: sjå websider for oppslag Mikaela og Taran.

– Har de tips til andre studentar som har tenkt seg til DNIR, anten dei skal ta FIDEM-kurset eller ikkje?

– Ein må ikkje vera redd for å snakka med folk, eller å bruka dei ressursane som finst på instituttet, seier Taran. – Spesielt bibliotekar Manuela har vore veldig hjelpsam og skaffa oss både litteratur og tilgang til ymse bibliotek. Generelt vil eg seia at det er viktig å ha eit ope sinn, for det er så mykje nytt ein lærer når ein kjem hit.

Mikaela er glad for å ha presentert masterprosjektet på instituttseminaret. – Det var gøy at det kom mange, inkludert folk utanfrå, og at dei var interesserte i det eg held på med. Og sjølv synest eg det er fint å høyra om andre sine prosjekt og å få innblikk i andre forskingsmiljø.

Kunst, mat og venskap

Men har det berre vore tid til arbeid, eller har dei fått sjansen til å utforska andre sider ved Roma? Trass i at særleg oppstarten av FIDEM-kurset var travel, meiner dei å ha fått med seg mykje.

- Eg har sett massevis av kyrkjer, galleri og kunstutstillingar, inkludert den nye om Caravaggio, seier Taran. – Og det finst så mange palass ein kan besøkja her i Roma.

- Og parkar! legg Mikaela til, og får støtte: – Ja, spesielt Villa Doria Pamphili, som ikkje er langt frå instituttet.

Endå ein ting er dei samde om: Dei har ete masse god mat.

– Heldigvis er det nokre italienarar på FIDEM-kurset, seier Mikaela. – Dei veit korleis ein finn fram til dei beste restaurantane.

– Og det er ein annan ting som er fint med kurset, avsluttar Taran. – Det er studentar frå heile verda der. Ein vert kjend med folk frå mange land og dannar nye venskap, som vonleg varer livet ut.  

 

Publisert 10. apr. 2025 16:19 - Sist endra 11. apr. 2025 16:01