English version of this page

Løyndommane i Vulci

Irene Selsvold utforskar spor av etruskisk bykultur saman med svenske kollegaer.

utgravning, mennesker som graver, arkeologi

Fra utgravningene i Vulci. Bilde ved Prosjektet "Understanding Urban Identities"

Av Synnøve M. Myking (postdoktor ved Det norske institutt i Roma)
Publisert 5. mai 2025

Det arkeologiske prosjektet «Understanding Urban Identities» undersøkjer restane av den etruskiske byen Vulci nord for Roma. Prosjektet vert drive av Göteborgs universitet i samarbeid med fleire partnarar, blant dei Det norske instituttet (DNIR).

Irene Selsvold, klassisk arkeolog og postdoktor ved DNIR, har vore involvert i Vulci-prosjektet sidan dei fyrste fysiske undersøkingane tok til i 2019, då ho var doktorgradsstipendiat i Göteborg. Ho seier at Vulci er ein spesiell stad.

Ein unik by

- Dei fleste etruskiske byane er dekte av seinare busetnader og byggverk. Vulci var derimot ikkje busett etter antikken. Dermed ligg restane fritt og ope til, noko som er praktisk for arkeologiske undersøkingar.

Etruskarane var eit dominerande folkeslag i Nord-Italia før Roma tok over som stormakt. Dei kom frå Etruria, eit område som svarer til mellom anna det noverande Toscana og det nordlege Lazio. Les meir om etruskarane på Store norske leksikon.  

- Korleis oppstod Vulci?

- Det er eitt av spørsmåla prosjektet undersøkjer. Det skjer ei såkalla protourbanisering ved byrjinga av jernalderen, rundt år 1000 før vår tidsrekning. I løpet av den etruskiske perioden, mellom 730 og 280, utviklar det seg ei urban busetting, og eitt av måla for prosjektet er å undersøkja denne prosessen.

På jakt etter breidda

Irene fortel at utgravingane, som tok til i 2022, mellom anna har avdekt ein kultstad som ikkje var av monumental karakter – og difor ekstra interessant.

 - Forsking på den etruskiske kulturen har tradisjonelt hatt ein tendens til å fokusera på graver og monumentale byggverk, som ofte representerer eliten. Vulci-prosjektet vil derimot kartleggja breiare lag av samfunnet.

Rundt ti forskarar, med ulike spesialitetar, deltek i prosjektet, der Serena Sabatini ved Göteborgs universitet er vitskapleg leiar. I tillegg kjem studentar frå heile Sverige for å vera med på arkeologisk feltkurs kvar juni, der dei hjelper til med utgravingane. For mange er det fyrste gong dei er med på denne typen arbeid. Andre får sitt fyrste møte med middelhavsarkeologi på feltkurset.

Frå Vulci til DNIR  

Rebecca Ringdahl, masterstudent i arkeologi ved Lunds universitet, har sjølv vore med på utgraving som student to gonger. I april hadde ho praksis ved Det norske instituttet, der ho arbeidde med forskingsdata og dokumentering av funn. Nyleg presenterte Rebecca og Irene Vulci-prosjektet på instituttseminaret, og etterpå var det mogleg for publikum å få nærkontakt med nokre av funna frå utgravingane: DNIR har nemleg fått tilsendt enkelte gjenstandar for å arbeida meir fokusert med dokumentasjon.

 - Prosjektet har fått fornya utgravingsløyvet for tre nye år, så det kjem til å verta fleire feltkurs og fleire utgravingar, lovar Irene.

Funna kjem til å verta publiserte undervegs, men interesserte lesarar kan få tilgang til artikkelen om bakgrunnen for prosjektet og dei fyrste undersøkingane i Bollettino di archeologia online.

Les meir om prosjektet «Understanding Urban Identities» 

Emneord: Arkeologi
Publisert 5. mai 2025 16:25 - Sist endret 5. mai 2025 16:25