English version of this page

Då kulturen hamna på bålet

Kunsthistorikar Martin Romatowski forskar på brenninga av «umoralske» kunstverk og gjenstandar i Italia på 1400-talet.

mann, utsikt over Roma

Doktorgradsstipendiat Martin Romatowski med Roma i bakgrunnen. Foto: Synnøve Midtbø Myking

Av Synnøve M. Myking (postdoktor ved Det norske institutt i Roma)
Publisert 13. feb. 2026

Det er vanleg å klandra oppfinninga av smarttelefonen for negative tendensar i vår eiga tid. Men kor mange av oss hadde eigentleg vore villige til å brenna mobilen?

Hausten 2025 og våren 2026 er Martin Romatowski gjesteforskar ved Det norske instituttet. Martin har ein mastergrad i kunsthistorie frå Stockholms universitet, og byrja på doktorgraden ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (Universitetet i Oslo) hausten 2024. Prosjektet hans om dei såkalla falò delle vanità – massebrenning av kunstverk og gjenstandar i 1400-talets Italia – har ført han til Roma, og derifrå til fleire av dei vakraste byane i Italia.

Kortstokkar, sjakkbrett og parfyme

– Fortel litt om prosjektet ditt.

– Prosjektet handlar om eit fenomen i det sentrale og nordlege Italia på 1400-talet der ulike typar gjenstandar og kunstverk vart brende på bålet fordi ein såg på dei som umoralske. Båla vart organiserte av religiøse predikantar med mange tilhengjarar – eg brukar å samanlikna dei med våre dagars influensarar. Dei hadde stor gjennomslagskraft og var til inspirasjon for mange med tanke på korleis ein skulle leva. Som ein slags rockestjerner på turné drog dei frå by til by og tala framfor titusenvis av menneske.

Martin fortel at den som starta trenden med å brenna gjenstandar på bål, var fransiskanaren Bernardino da Siena på 1420-talet. Fransiskarane utgjorde ein religiøs orden som ikkje levde i kloster, i motsetnad til tradisjonelle munkar, men som ville forkynna ute blant folk. Det var mange som lytta til Bernardino, og då han tok til orde for å brenna «umoralske» gjenstandar, tok det ikkje lang tid før båla var eit faktum.

– Kva hadde Bernardino mot desse gjenstandane?

– Han levde i ei politisk og religiøst usikker tid, der mange var på leit etter struktur og retningslinjer i tilværet. Gjenstandane vart symbol på alt som var negativt i samtida. Men somme av gjenstandane var òg knytte til reelle problem, for eksempel gambling. Både kortstokkar, sjakkbrett og spelbrikker vart kasta på flammane. Andre objekt, som parfyme og speglar, var assosierte med ein forfengeleg og overflatisk livsførsel.

Frå ting til menneske

Sjølv om det fyrst og fremst ting var ting som vart brende, kunne òg menneskeliv gå tapt.

– Bernardino da Siena var her i Roma i 1424 og fekk organisert eit stort bål på Kapitolhøgda. Kort tid etter vart ei kvinne brend som heks i byen. Sjølv om Bernardino ikkje var direkte ansvarleg for dette, kan heksebrenninga ha vorte inspirert av alle dei andre båla.

Bålbrenningsfenomenet kulminerte mot slutten av 1400-talet med Girolamo Savonarola. Han var medlem av dominikanarordenen, som hadde ein liknande levemåte og praksis som fransiskanarane. Girolamo var ein kontroversiell figur; han vart bannlyst av paven og enda sjølv opp med å verta brend i 1498.

Bernardino og Girolamo, som representerer start- og sluttpunkta for falò delle vanità-fenomenet, utgjer fokuset for prosjektet til Martin. I tillegg til å kartleggja kategoriane av tinga som vart brende og identifisera kva praktisk og symbolsk rolle gjenstandane spelte i samtida, les han tekstar knytte til dei to «influensarane» for å forstå kva syn dei hadde på objekta.

– Sidan eg arbeider med ting som har gått tapt, er det nyttig for meg å undersøkja tilsvarande objekt frå den aktuelle perioden, og slike objekt finst det mange av her i Italia.

Italienske ressursar

Roma og Italia har andre ressursar som Martin har god nytte av, særleg dei gode forskingsbiblioteka og tilgangen til italiensk faglitteratur. Han set òg pris på kontakten med forskingsmiljø som arbeider med den førmoderne perioden, både ved instituttet og ved andre institusjonar i og utanfor Roma.

– Eg har visst heile tida at eg ville ha eit forskingsopphald i Italia, sidan det er så relevant for prosjektet mitt. Då eg byrja som stipendiat i Oslo, kom eg i kontakt med Kristin B. Aavitsland, den dåverande instituttleiaren ved DNIR, og ho oppmuntra meg til å koma hit.

– Korleis har opphaldet ditt vore til no?

– Heilt fantastisk! Det er fantastisk å vera i eit akademisk miljø som er så rett for meg. Avhandlinga mi har vunne mykje på dette opphaldet.

Rett stad å vera

Martin nemner spesielt instituttseminaret i haust der han la fram prosjektet sitt, som noko han fekk mykje ut av.

Speil, kunst, utskjæringer i ramme av tre
Ein spegel frå 1400-talet som no er i Museo Nazionale del Bargello, Firenze. Foto: Martin Romatowski

– Det var verkeleg eit støttande forum, med mange gode spørsmål og innspel. I april skal eg ha nytt seminar, der eg får sjansen til å presentera det eg har gjort sidan sist. Eg ser òg fram til å delta på andre forskarar sine instituttseminar, og til fleire kveldsførelesingar.

Å ha ein base i Roma er praktisk når ein skal på jobbreise andre stader i Italia – ikkje minst når ein vil fylgja spora etter dei omreisande bålpredikantane. Så langt har Martin besøkt Firenze, Venezia, Urbino og Gubbio, og i slutten av februar skal han til Genova, Siena og Assisi.

– Kva vil du seia til andre stipendiatar og forskarar som vurderer eit opphald i Roma?

– DNIR er ein veldig god base for å skaffa seg fleire kontaktar, både italienske og internasjonale. Om ein forskar på noko som er knytt til Italia på noko som helst vis, er det rett stad å vera.

Publisert 13. feb. 2026 14:51 - Sist endret 13. feb. 2026 15:41