Historia om kvar vi kjem frå: Vi er alle eit produkt av migrasjon

Dei siste ti åra har nye analyser av arkeologiske funn vist at det kom massive migrasjonar frå Svartehavsområdet til Europa omlag 2800 år før Kristus. Kristian Kristiansen fortel om forskinga i årets L'Orange-førelesing ved Det norske instituttet i Roma.

Forskere fra Mainz i Tyskland og Universitetene i Bristol, UK og Halle i Tyskland undersøker fire familiegraver som ble funnet i Eulau i Tyskland med strontium-analyse. EPA/PETER ENDIG

Forskarar frå Mainz i Tyskland og Universitetene i Bristol, UK og Halle i Tyskland undersøkjer fire familiegraver som vart funne i Eulau i Tyskland med strontium-analyse. EPA/PETER ENDIG

Det må ha vore eit fælsleg syn som møtte europearane for snart 5000 år sidan. Inn på territoriet deira kom det tusenvis av nye menn. Dei var truleg svært høge, lyse i huda og med brune auge, dei åt kjøt og drakk mjølk. Dei kom austfrå, reid på hestar og hadde stridsvogner, noko som ikkje var vanleg blant jordbrukarane i Europa på den tida.

Dei drap. Dei tok kvinnene, gjorde dei gravide og etablerte nye samfunn. På 3-400 år var nesten alle dei neolittiske mennene, som budde i Europa i utgangspunktet, døde.

Fram til 2010 var denne historia lite kjend for arkeologar flest. I 2007 skjedde det eit gjennombrot i forskinga, og moglegheitene for å analysere gamle beinrestar vart betra. Sidan 2009 har prisen på slike analysar falle. Desse to forholda har medført mange og robuste analysar av historisk materiale

Ny teknologi orsaker eit paradigmeskifte i arkeologien

Kristian Kristiansen held årets L’Orange-førelesing ved Det norske institutt i Roma. Kristiansen er professor emeritus i arkeologi ved Gøteborgs universitet, og han har vore sentral i det han kallar eit paradigmeskifte i moderne arkeologi. 

Saman med den verdskjende DNA-forskaren Eske Willerslev har han sidan 2010 analysert genmateriale frå bronsealder-graver. Resultatet har blitt ei rekke publikasjonar i prestisjetunge tidsskrift og ei omskriving av historia til dagens Europa.

– Arkeologar har lenge trudd at det ikkje var nokon store migrasjonar så tidleg i forhistoria vår. Ein har trudd at ny teknologi og nye idear vart spreidde frå busetnad til busetnad, og at ting endra seg som følgje av kontakt mellom folk, ikkje som følgje av migrasjon, seier Kristiansen.

Opphavet til dei indoeuropeiske språka vert stadfesta av beinfunn

Språkforskarar har derimot sagt det lenge, påpeikar han: at europearar måtte ha røter på dei russiske og ukrainske steppene, viss ikkje kunne ikkje dei indoeuropeiske språka ha blitt som dei blei.

Og i 2015 stod to artiklar i tidsskriftet Nature nesten samtidig, den eine frå Harvard University, den andre frå Kristiansens forskargruppe. Totalt hadde forskarane analysert genetisk materiale frå beinrestane til 170 menneske.

No tyda også arkeologiske funn på at det i tidleg bronsealder, rundt 2800 år før Kristus, kom massive migrasjonar frå Svartehavsområdet: vestover til Europa og austover til India.

Truleg var det denne migrasjonen som førte til spreiinga av indoeuropeiske språk som sidan utvikla seg til indiske, iranske, latinske og germanske språk.

Kulturkrasj i bronsealderen

Dei fleste som budde i Europa 3.000 år f. Kr. var etterkomararar av steinalderbønder som hadde kome frå  Anatolia i dagens Tyrkia. Dei var bønder og åt korn og planteprodukt. Europa hadde også langt eldre grupper av jegerar og samlarar. 

Innvandrarane frå steppene var stort sett menn. Dei vart kalla yamanya-krigarar og hadde eit anna kosthald, eit anna språk og ein annan kultur enn dei som budde i Europa frå før.

I Europa lærte dei å praktisere jordbruk og å lage keramikk.

 Professor Kristian Kristiansen vert tildela The Grahame Clark Medal frå British Academy. Foto: Det norske instituttet i Roma
– Kulturen til steppefolket vart kalla stridsøksekultur. Det høyrest valdeleg ut, og det må det ha vore, sidan dei neolittiske mennene vart utrydda, seier Kristiansen. På biletet vert professor Kristiansen tildela The Grahame Clark Medal frå British Academy. Foto: Det norske instituttet i Roma

Kor valdelege yamnaya-krigarane var då dei tok med seg dei neolittiske kvinnene, veit ikkje forskarane sikkert. Men heilt fredeleg kan det ikkje ha vore. I gamle graver har ein funne heile neolittiske familiar, men også berre neolittiske menn. 

– Det er eit globalt mønster at immigrantar drap menn og gifta seg med kvinnene deira. Det var ei brutal verd, sjølv om det sikkert også var meir fredfulle episodar, seier Kristiansen.

Valden gjekk begge vegar. I ei grav i byen Eulau i Tyskland har arkeologar funne beinrestar av tre familiar som truleg vart avretta i ein hemnaksjon. Mennene i gravene var yamnaya-krigarar og nokre av kvinnene neolittar frå eit område 60 kilometer unna, same område som spydspissane som drap dei.

Også barna deira vart drepne og gravlagde saman med dei.

Migrasjon blir framleis diskutert

Cristopher Prescott er instituttleiar ved Det norske institutt i Roma, som held L’Orange-førelesinga. Ifølgje Prescott forklarer studiane til Kristiansen og kollegaer endringar i språk, kosthald og skjelettmateriale. Men dei forklarer også dei store sosiale, økonomiske og politiske endringane i bronsealderen.

– Kristiansen har gått i bresjen for eit stort vitskapleg gjennombrot. Det er i dag mogleg å kartleggje førhistoriske menneske sine flyttemønster, og også kosthaldet deira, langt meir nøyaktig enn tidlegare. Kristiansen er kanskje verdas leiande arkeolog på dette feltet, seier Prescott.

– Dette er ein av dei mest omskiftelege, urolege og dannande periodar i Europa og til dels Asia si historie. Grunnleggjande institusjonar og tankesett har sitt opphav i denne perioden.

Han viser mellom anna til ein større ubalanse mellom kjønna på grunn av ei vektlegging av det maskuline, og til ei hierarkisk samfunnsordning med økonomisk og politisk ulikskap.

Christopher Prescott
– Denne førelesinga er vårt tunge, faglege bidrag til det arkeologiske og kulturhistoriske fellesskapet i Roma. Studentar og tilsette ved dei utanlandske akademia og universiteta i Roma kjem for å få dette med seg. Dei siste åra har det vore fullt hus, fortel Christopher Prescott. (foto: Det norske instu\ituttet i Roma)

Forskinga har vore kontroversiell. Migrasjon har vore eit omstridt tema i arkeologi etter andre verdskrig og var lenge nesten parkert som forklaringsfaktor for språklege og kulturelle endringar i bronsealderen.

– Med dei nye naturvitskaplege dataa er diskusjonen løfta opp på eit anna nivå. Det er no få som nektar for mobilitet i fortida. Men vi har framleis intense diskusjonar, til dømes om kor vidt ein skal bruke omgrepet «migrasjon», kor store eventuelle migrasjonar var og korleis dei føregjekk. Vi kjem nok også til å få nye overraskingar i tida som kjem, seier Prescott.

«Mennesket har ikkje røter, men føter»

Instituttleiaren, som sjølv er professor i arkeologi, meiner at Kristiansens forsking underbyggjer hans eiga oppfatning:

– Vi snakkar ofte om at menneske har røter. Men arkeologien, isotopane og genetikken viser at menneske har føter. Dei som bruker historia for å fremje ein politisk agenda om røter og reine rasar, kan ikkje underbyggje det i førhistoria. Vi er ei blanding, alle saman. Også yamnaya-krigarane var ei blanding, seier Prescott.

Kristian Kristiansen er samd.

– Den nye genetiske historia gjev ei mothistorie til dei som meiner at vi alltid har budd der vi bur. Alle europearar er eit resultat av migrasjon, og alle har meir eller mindre den same miksen, seier han.

Har du nord-europeiske besteforeldre, er sjansen stor for at du er skrudd saman omtrent slik: rundt 15 prosent jeger og sankar, 10 prosent anatolisk bonde og mellom 40 og 60 prosent yamnaya-krigar. Og kanskje litt nord-afrikansk, eller litt iberisk, òg?

Kjem du frå Sør-Europa, har du truleg litt meir anatolisk bonde i deg, sidan fleire av dei overlevde der. Innvandrarar frå andre verdsdelar har eit anna genetisk opphav, men også dei vil høgst sannsynleg vere ein god miks, ifølgje Kristiansen.

Har førelesing for å feire instituttets grunnleggjar

L’Orange-førelesinga blir halden kvart år og har namnet sitt etter Hans Peter L'Orange, ein av dei mest velrenommerte klassiske arkeologane. Han grunnla Det norske institutt i Roma saman med Hjalmar Torp og var instituttets første direktør. 

– L'Orange-førelesinga er etablert for å feire L’Orange og instituttet. I år er det ekstra stas, sidan instituttet fyller 60 år, seier Prescott.

Av Silje Pileberg
Publisert 13. nov. 2019 09:36 - Sist endret 15. nov. 2019 12:16