Ny nasjonal forskarskule i historie

Åtte norske universitet og høgskular har gått saman for å danne ein nasjonal forskarskule i historie. Målet er å gje den historiefagleg forskarutdanninga i Noreg eit betydeleg løft ved å tilby fagspesifikke ph.d.-kurs i historie med høgt internasjonalt nivå.

BI, NTNU, Nord universitet og andre universitet og høyskoler. Collage av logoer.

Breidt institusjonelt samarbeid

Initiativet til den nye forskarskulen vart teke av Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) ved Universitetet i Oslo. Å få på plass ein forskarskule har vore ei målsetjing ved instituttet over tid, men utviklingsarbeidet skaut først fart for alvor då instituttet sat av særskilde ressursar til dette i 2016. Den nordiske forskarskulen i arkeologi, Dialogues with the past, som vert drifta ved same institutt, har vore ei viktig kjelde til inspirasjon og erfaringsutveksling i etableringsfasa.

portrett kvinne fotograft
Førsteamanuensis Hanne Hagtvedt Vik, ph.d.-leiar ved IAKH, UiO, skal leie Den nasjonale forskarskulen i historie den første perioden. Foto: HF, UiO

– At det har lykkast å få til eit bredt og forpliktande institusjonelt samarbeid på såpass kort tid, vitnar om at andre institusjonar som tilbyr forskarutdanning i historie har hatt utfordringar som liknar våre, seier Hanne Hagtvedt Vik, førsteamanuensis i historie og leiar for ph.d.-utdanninga ved IAKH. – Signala me har fått er at fleire har ynskt seg ei breiare institusjonell ramme og ein felles plattform for forskarutdanning i historie. Med den nasjonale skulen har me lykkast med det.

Behov for eit kurstilbod tilpassa historiefaget

Utdanningstilbodet som har eksistert for historiestipendiatane ved UiO har fram til no vore ei kursrekke arrangert på fakultetsnivå. Mange av historiestipendiatane som har fullført dette ph.d.-løpet tidlegare har meldt om at dei har sakna fagspesifikke kurs med direkte relevans for forskingsprosjekta sine. 

– Den felles ph.d-utdanninga for alle HF-stipendiatane ved UiO har hatt mange styrker og har bydd på fagleg breidde og perspektivrikdom, men samstundes har ein del fagspesifikke problemstillingar ikkje hatt rom nok i dette tilbodet, seier Vik. 

Fleksibilitet og spissing av kursinnhald

Med ein eigen forskarskule står fagmiljøa friare til å skreddarsy eit kurstilbod som kan tilpassast og endrast i takt med behov og endringar innan faget. Eit døme på fordelane dette er dei nye rettingslinene for personvern og datalagring som kjem i kjølvatnet av GDPR. Kva konsekvensar vil det nye lovverket har for historieforskinga? Korleis vil det påverke dei som til dømes forskar i arkivmateriale som er under teiings- og personvernklausular?

foto mann som held føredrag
Vidar Enebakk, sekretariatsleiar ved Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitenskap og humaniora, innleia til sesjonen om forskingsetikk, jus og personvern på fyrste kurs. Foto: Nina Maria Rud

Ein annan fordel ved å samarbeide nasjonalt om forskarutdanning innanfor eitt fag er at stipendiatar ved institusjonar som stiller ulikt i mogleik til å tilby eiga forskarutdanning, får same tilgang og mogleikar som stipendiatar ved institusjonar med eit velutvikla eige tilbod. Ved å gå kan ein også sikre at det blir tilbydd kurs ein meiner høyrer heime i ei historiefagleg forskarutdanning.

– Tidlegare har det vore opp til tilfeldigheitene om stipendiatane har hatt tilgang på eit historiefagleg teori og metode-kurs, til dømes. Den nye forskarskulen skal tilby eit slikt kurs kvart år, og dermed sikre at alle nye historiestipendiatar får teke eit slikt kurs tidleg i løpet.

Ein fagleg og sosial møteplass for unge forskarar

Ansvaret for kurstilbodet og leiinga av forskarskulen skal ligge hos IAKH dei fyrste fire åra. Deretter skal det rullere mellom eigarinstitusjonane. Fyrste kurs fann stad i Oslo i juni 2018 og neste vert arrangert i november 2018 ved Det norske instituttet i Paris.

– Stipendiattida har potensiale til å vere ei av dei mest spanande og gjevande periodane i livet. Samstundes veit vi at ho kan by på store utfordringar samt mykje arbeid som må utførast i einsemd. Vi håpar den nasjonale forskarskulen vil skape tettare faglege og sosiale band mellom historiestipendiatane i Noreg, og at det å vere del av ein fagleg fellesskap og eit sterkt og ungt fagmiljø ville bidra til å gjere stipendiattida ennå betre enn ho er no, avsluttar Vik


Den nasjonale forskerskulen i historie er eit samarbeid mellom:

  • Handelshøgskulen BI
  • Høgskulen i Volda
  • Nord Universitet
  • Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet 
  • Universitetet i Agder
  • Universitetet i Bergen
  • Universitetet i Oslo
  • Universitetet i Tromsø
Av Nina Maria Rud
Publisert 3. sep. 2018 13:25 - Sist endret 6. des. 2022 15:32