CODICUM: Nordiske bokfragment og europeiske nettverk

Åslaug Ommundsen (UiB)

Utsnitt av latinspråkleg mellomaldermanuskript, og ein forskar.

CODICUM: Nordiske bokfragment og europeiske nettverk

CODICUM er eit ERC-finansiert samarbeidsprosjekt som fokuserer på dei store nordiske samlingane av bokfragment frå mellomalderen. Det slitesterke pergamentet som mellomalderbøkene var laga av, blei ofte gjenbrukt som innbindingsmateriale for arkivmateriale frå 15- og 1600-talet. Titusenvis av pergamentbitar ligg no som eit gigantisk puslespel i ulike arkiv og samlingar. Ved å kombinere metodar frå humaniora og naturvitskapane ynskjer forskarane i prosjektet å hente ny kunnskap om både bøkene og dei  europeiske lærde nettverka som eksisterte ca. 1000-1500. Prosjektet har seks nordiske partnarar og fire forskingsleiarar. Her kan du bli betre kjent med både materiale og ambisjonar – og korleis bokfragment kan vere nøklar til ei rikare forståing av fortida.

Åslaug Ommundsen er professor i mellomalderlatin ved Klassiske fag, UiB.

The event is open to the public, and all interested parties are cordially invited to attend. A Zoom link will be provided via the Classics Seminar mailing list. If you would like to subscribe to the list (or present at the seminar), please get in touch with Tor Ivar Østmoe. Following the presentation, we will gather at Café Eckers for drinks and further informal discussions. Everyone is welcome to join (please note that expenses are not covered by the seminar).

Arrangør

Faggruppe klassiske språk/Classics Division og Erlend Østrem Myklebust (meeting chair)
Publisert 8. sep. 2025 13:38 - Sist endret 14. okt. 2025 13:41