ILN søkjer gruppelærarar for høsten 2025

Er du masterstudent på nordiske studium, lingvistikk eller lektorprogrammet? Då kan dette kanskje vere interessant for deg.

Vi ønsker gruppelærarar til følgande emne: 

Kven er du? 

Vi ser etter masterstudentar som har tatt eitt eller fleire av emna ovanfor og som har lyst til å ha gruppeundervising for studentane våre på ett av disse emna. Du må være aktiv masterstudent høsten 2025. 

Det er ein fordel om du har undervisingserfaring, men det er ikkje eit krav. Den undervisaren som har emneansvaret har det faglege ansvaret for gruppeundervisinga, og de vil samarbeide om korleis sjølve opplegget skal utarbeidast. Du får oppfølging undervegs. 

 

Korleis skal du søke? 

Søknadsfrist er tirsdag 13. juni 2025 klokken 12.00

Søknaden sender du på e-post til Morten Hvaal Stenberg, seniorrådgiver ILN. Søknaden skal innehalde: 

  • Ein kort tekst der du skildrar kvalifikasjonane dine, og motivasjon for at du søker stillinga. 
  • CV 
  • Karakterutskrift, gjerne frå Vitnemålsportalen. 

Kvar gruppeundervising varer i 2 undervisingstimar. Du får betalt for éin time førebuing til kvar undervisingstime.

Du blir lønna 240,82 kr/timen

Kontakt 

Publisert 3. juni 2025 10:50 - Sist endret 3. juni 2025 10:51