Instituttstyret

Styremedlemar ILOS

Faste medlemar Vara
Christine Meklenborg Nilsen Leiar Anne Birgitte Rønning Nestleiar
       
Valde representantar      
Eva Sarfi For fast vitskapeleg tilsette Inger ØstenstadDiana Santos 1. vara
Atle L. Wold For fast vitskapeleg tilsette Inger Østenstad 2. vara

Kathrine Asla Østby

For fast vitskapeleg tilsette Geir Flikke 3. vara
Nora Dörnbrack For mellombels tilsette Ingen vara 1. vara
      2. vara
Kristin Bjørneboe Eide For administrativt tilsette Sarah Margrethe Øverlie Eiene 1. vara
    Kirsti Sellevold 2. vara
Brit Holtebekk Ekstern medlem Knut Skansen Vara
Tora Andrea Valderhaug BTora Andrea Valderhaug Bell

Béatrice Prat

Studentrepresentant Torje Hommedal Knausgård 1. vara
Veronica Dahlby Tveitan Studentrepresentant   2. vara
Sekretær      
Karina Kleiva Sekretær for styret    

Rolle

Instituttstyret er instituttet sitt øvste styringsorgan. Styret vedtek overordna mål, prioriteringar og strategiar for instituttet.

Instituttleiar er leiar for styret, og førebur sakene som skal handsamast. Administrativ leiar er sekretær, men ikkje styremedlem.

Alle møta i instituttstyret er normalt opne. Styret kan lukke møtet i nokre saker, slik at berre styremedlemar og sekretær er tilstades.

Styret utøver ansvaret sitt ut frå vedtak i universitets- og fakultetsstyret, og innanfor dei lover, forskrifter og reglar som gjeld til eikvar tid.

Saker

Instituttet sitt styrings- og administrasjonsreglement regulerer kva slags saker styret skal handsame.

Styret handsamar til dømes:

Årsplan og budsjett

Overordna planar, prinsipp og prioriteringar for verksemda, slik desse er nedfelte i langtidsplanar som til dømes strategisk plan og faglege prioriteringar for instituttet.

Godkjenning av rekneskap og årsrapport, som er to av styret sine instrument for å følgje opp verksemda.

Den interne organiseringa i avdelingar, faggrupper med meir vert også handsama av styret, innanfor rammer fastsette av fakultetsstyret.

Ved tilsetjing av instituttleiar og vitskapelege ansatte, innstiller styret kven som bør tilsetjast. Innstillinga blir send til fakultetsstyret, som har vedtaksmynde ved tilsetjingar.

Møte

Instituttstyret har rundt ti møte i året.

Ved instituttleiars fråver leiar nestleiaren styremøtet.

Nestleiaren møter med fast tale- og forslagsrett i styret.

Sjå dato og protokoll for instituttstyremøta.

Val til styret

Gruppene fast vitskapeleg tilsette og teknisk-administrativt tilsette veljer styremedlemar kvart fjerde år.

Medlemane for studentane og for mellombels vitskapeleg tilsette blir valde kvart år.

Den eksterne styremedlemen vert oppnemnd kvart fjerde år av fakultetsstyret, etter framlegg frå instituttstyret.

Publisert 22. apr. 2010 12:07 - Sist endret 25. jan. 2021 10:19