Jakob Lothe

Professor emeritus
Bilde av Jakob Lothe
English version of this page
Brukernavn
Postadresse ILOS Postboks 1003 Blindern 0315 Oslo

Faglege interesseområde

Engelsk litteratur, særleg modernismen og siste del av 1800-talet. Narrativ teori og analyse, fiksjon og film, etikk i litteratur og film, koloniale og postkoloniale studiar, Holocaust- og minnestudiar, relasjonar mellom nordisk og europeisk litteratur.

Bakgrunn

  • cand.mag. (Universitetet i Bergen, 1974)
  • MA Comparative Literature (University of California, Santa Barbara, 1976)
  • mag.art. allmenn litteraturvitskap (Universitetet i Bergen, 1977)
  • dr.philos. på avhandlinga “Conrad’s Narrative Method” (Universitetet i Bergen, 1986)

Jakob Lothe var frå 1993 til 2020 professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo. Han har også undervist i allmen litteraturvitskap ved universiteta i Bergen og Oslo, og har vore professor II ved Universitetet i Bergen 1995-2000 og 2013-2015. Han har vore invitert gjesteforskar ved St John's College, University of Oxford (1996-97), Harvard University (2005), University of Cape Town (2010) og Regent Park's College, University of Oxford (2017-18).

Undervisning

Lothe har undervist ei rekke kurs om ulike periodar, forfattarar, sjangrar, teoriar og andre aspekt ved engelsk litteratur.

Undervisning haustsemesteret 2019:

Undervisning vårsemesteret 2020:

Forsking

Lothes primære forskingsfelt er narrativ teori og analyse. Han har bl.a. undersøkt Joseph Conrads forteljemåte og tematikk i Conrad's Narrative Method (1989), Joseph Conrad (2002) og Outposts of Progress: Joseph Conrad, Modernism and Post-Modernism (medred. 2015). Han har gitt narrative analysar av romanar og noveller av bl.a. George Eliot, Thomas Hardy, Virginia Woolf, James Joyce, Franz Kafka, Katherine Mansfield, Nadine Gordimer, J. M. Coetzee, W. G. Sebald og Ian McEwan.

Lothe har skrive om fiksjon og film i Fiksjon og film (2. utg. 2003, engelsk versjon Narrative in Fiction and Film, 2000), om litterær terminologi i Litteraturvitenskapelig leksikon (med Christian Refsum og Unni Solberg, 2. utg. 2007), om koloniale og postkoloniale studiar i Identities and Masks (medred. 2001) og Literary Landscapes (medred. 2008), om noveller i The Art of Brevity (medred. 2004) og Less Is More (medred. 2008), og om etikk i litteratur og film i Narrative Ethics (medred. 2013) og Etikk i litteratur og film (2016). The Future of Literary Studies (red. 2017) presenterer utviklingstrekk i norsk og internasjonal litteraturforsking.

Lothe initierte og leia forskingsprosjektet “Narrative theory and analysis” på Senter for grunnforskning ved Det Norske Videnskaps-Akademi 2005–2006. Prosjektet resulterte i bøkene Tidsvitner. Fortellinger fra Auschwitz og Sachsenhausen (medred. 2006; utgitt som lydbok 2007), Joseph Conrad: Voice, Sequence, History, Genre (medred. 2008), Franz Kafka: Narration, Rhetoric, and Reading (medred. 2011) og After Testimony: The Ethics and Aesthetics of Holocaust Narrative for the Future (medred. 2012). Relatert til prosjektet er Kvinnelige tidsvitner. Fortellinger fra Holocaust (red. 2013), engelsk versjon Time's Witnesses: Women's Voices from the Holocaust (2017), som presenterer ti jødiske kvinners forteljingar frå Holocaust.

Som bidragsytar til eit forskingsprosjekt med deltakarar frå alle dei nordiske landa har Lothe  skrive om relasjonar mellom nordisk og europeisk litteratur i English and Nordic Modernisms (medred. 2002), European and Nordic Modernisms (medred. 2004), Nordic Responses (medred. 2014) og Perspectives on the Nordic (medred. 2016).

 

Verv

Lothe er fagansvarleg for britisk 1900-tals litteratur i Store norske leksikon (SNL). Han  er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og leiar av Akademiets menneskerettskomité.                                                                                                     

More information about Jakob Lothe on his personal homepage.

 

Avsluttede prosjekter

Narrative Theory and Analysis

Nordic Network of Narrative Studies

Emneord: Litteratur og litteraturvitenskap, Engelsk litteratur, Engelskspråklig litteratur, Narrativ teori, Modernisme, Filmteori, Holocaust-studiar, Narrativ etikk, Litteratur og menneskerettar, Joseph Conrad, Virginia Woolf, James Joyce, Franz Kafka, W.G. Sebald
Publisert 4. juni 2010 14:23 - Sist endret 11. aug. 2021 15:06