Albert Camus og «Caligula»

Korleis, og korfor, bruker ein moderne forfattar antikkens historie? Velkommen til innsikt på Det Norske Teatret om keisar Caligula og Albert Camus.

En byste av en mann. Foto.

Byste av Caligula frå Glyptoteket i København. Foto: Sergey Sosnovskiy from Saint-Petersburg, Russia, CC BY-SA 2.0 <https://creativecommons.org/licenses/by-sa/2.0>, via Wikimedia Commons

Gå til Facebook-arrangementet

Den franske forfattaren Albert Camus (1913-1960) var berre 15 år da han byrja å skrive på eit drama om Caligula, den kanskje mest berykta av Romerrikets keisarar.

Camus er blitt kjent som det absurde sin filosof, ikkje minst på grunn av sitt essay om Sisyfos, eit bilde på menneskelivets meiningsløyse.

Både i essayet «Myten om Sisyfos» og i skodespelet «Caligula» vel Camus antikke skikkelsar for å ta grep om litterære og filosofiske idear som gjekk rett inn i samtidas diskusjonar.

Da Camus som 20-åring henta opp manuset til Caligula og skreiv det ferdig, var det aktuelle bakteppet Andre verdskrigen.

Men korfor Caligula? Keisaren som fortvilte over tapet av søstera som også var elskarinna hans? Kva fant Camus i antikken, korleis brukte han det antikke materialet, og kva hadde han eigentleg på hjartet?

Arrangementet er eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og «Inn i historien».

Kollasj av to middelaldrende kvinner. Foto
Christine Amadou og Mathilde Skoie. Foto: UiO.

Du møter

  • Mathilde Skoie er professor i latin ved Universtietet i Oslo. Skoie vil fortelje om keisar Caligula og om korleis han er blitt framstilt av ettertida.
  • Christine Amadou er professor idéhistorie ved Universtietet i Oslo. Amadou har tidlegare omsett fleire av Camus’ romanar til norsk, vil ta for seg antikkens plass i Camus’ forfattarskap.

Praktisk informasjon

Introduksjonen går føre seg i Bikuben i foajeen på Det Norske Teatret. Arrangementet er gratis og ope for alle, men det er avgrensa med sitteplassar, så det kan vere lurt å vere tidleg ute.

Det Norske Teatret ligger i Kristian IVs gate 8. Finn veien med Google maps.

  • Gåavstand fra Stortinget eller Nationaltheatret T-banestasjon: 5 minutter.

Et øye. Illustrasjon.Inn i historien – Humaniorafestivalen 2024

Frå 7. til 21. mars inviterer Universitetet i Oslo til festival om historie. Bli med på samtalar, foredrag, filmframsyning, byvandring, og mykje meir – på Deichmans bibliotek og ved fleire andre kulturinstitusjonar.

Arrangementa er gratis og opne for alle!

Les meir om Inn i historien


Meld deg på vårt månedlige nyhetsbrev!


Vil du studere ved UiO?

Sjekk hva du lærer, hvilke jobber du kan få og hvordan det er å være student.

Se vårt studietilbud
Publisert 29. jan. 2024 11:41 - Sist endret 11. mars 2024 10:41