Noreg i mellomalderen: latin og norrønt i skjønn foreining

Då latin kom til Noreg rundt år 1000, blomstra den norrøne skriftkulturen opp. Kvifor vart det slik, og brukte ein verkeleg runer og bokstavar om kvarandre?

Foto av en gullring med gravering av runer.

På 1200-talet skreiv folk innskrifter med bokstavar og runeinnskrifter på ulike ting, som for eksempel en ring. Foto: Elise Kleivane.

Gå til Facebook-arrangementet

Like før jul i 1263 ligg den norske kongen, Håkon Håkonsson sjuk på Orknøyane og skal døy.  

Medan han ligg der, les dei høgt for han frå bøker på latin, og når han blei sliten, las dei bøker på norrønt. Kongen kunne altså forstå både latin og norrønt, og det fanst bøker på begge språk. 

I regjeringstida til kong Håkon var det ei stor blomstringstid for litteratur i Noreg. Mange nye sjangrar kom til, og både latin og norrønt blei brukt. Noreg var eit tospråkleg samfunn. 

Det var òg ei blomstringstid for bruk av skrift generelt, og ikkje alt blei skrive med penn og blekk. På 1200-talet skreiv folk innskrifter med bokstavar på ulike ting, og dei skreiv dessutan store mengder runeinnskrifter.  

Portrettbilde av en kvinne med kort svart hår og sort genser.
Elise Kleivane. Foto: UiO

I dette foredraget skal vi sjå på kva for tekstar som fanst på 1200-talet, og kven som skreiv kva. Og kunne eigentleg kong Håkon Håkonsson skrive runer? 

Du møter 

Elise Kleivane er norrønfilolog og førsteamanuensis i skriftkultur ved Universitetet i Oslo. Ho har mellom anna forska på skriftbruken i Noreg i norsk vikingtid og mellomalder.  

Praktisk informasjon 

Demo Linderud ligger i Erich Mogensøns vei 38 på Linderud senter. Finn veien med Google maps

  • Avstand fra Jernbanetorget til Linderud: 14 minutter (T-banelinje 5, Vestli) 
  • Gåavstand fra Linderud T-banestasjon: 3 minutter 

Et øye. Illustrasjon.Inn i historien – Humaniorafestivalen 2024

Fra 7. til 21. mars inviterer Universitetet i Oslo til festival om historie. Bli med på samtaler, foredrag, filmvisning, byvandring, og mye mer – på Deichmans biblioteker og ved flere andre kulturinstitusjoner.

Arrangementene er gratis og åpne for alle!


Meld deg på vårt månedlige nyhetsbrev!


Vil du studere ved UiO?

Sjekk hva du lærer, hvilke jobber du kan få og hvordan det er å være student.

Se vårt studietilbud
Publisert 29. jan. 2024 11:46 - Sist endret 13. mars 2024 10:46