Fagleg-sosiale og faglege midlar

Studentar, lærarar og studentforeiningar kan søkje om støtte frå instituttet til faglege og fagleg-sosiale føremål. Masterstudentar kan òg søkje om å få dekt ekstraordinære kostnader til masteroppgåva si. 

Søknad sendast til studiekonsulent (at) media.uio.no

Fagleg-sosiale midlar (bachelornivå)

Du kan søkje om fagleg-sosiale midlar om du til dømes vil arrangere ein lunsj, ei gjesteforelesing, ein quiz eller andre arrangement med fagleg og sosialt innhald. Midlane er meint for bachelorstudentar, men arrangementa kan òg vere for masterstudentar.

Kriteria for bruk av fagleg-sosiale midlar:
1. Fagleg-sosiale midlar skal nyttast til fagleg-sosiale aktivitetar for studentar på studieprogrammet.
2. Arrangement som er opne for alle studentar på eit program blir prioriterte framfor arrangement som berre gjeld eit enkelt emne.
3. Fagleg-sosiale midlar kan ikkje nyttast til kjøp av øl/vin/sprit i verken mottaksveka, til kandidatmarkeringar eller andre studentarrangement.

Søknadsskjema fagleg-sosiale midlar (nynorsk)

Søknadsskjema faglig-sosiale midler (bokmål)

Søknaden sendes til studiekonsulent (at) media.uio.no

Merk at vi ikkje kan betale ut beløpet direkte - du må leggje ut og levere kvitteringar til oss. Firma med eige organisasjonsnummer kan sende faktura til IMK. Ta kontakt med studiekonsulenten for meir info.

Faglege midlar (masternivå)

Faglege midlar er meint for masterstudentar, til fellesarrangement med eit klart fagleg innhald.

Kriteria for bruk av faglege midlar:

  • Faglege midlar skal nyttast til faglege arrangement for masterstudentane slik som ekskursjonar, seminar eller konferansar/seminar.
  • Kan òg nyttast til studieturar og ekskursjonar der både master- og bachelorstudentar er med, men berre om arrangementet har eit klart fagleg innhald. 
  • Kandidatmarkering og orienteringsmøte for masterstudentar.
  • Faglege midlar kan ikkje nyttast til kjøp av øl/vin/sprit verken i mottaksveka, til kandidatmarkeringar eller andre studentarrangement.

Søknadsskjema faglege midlar (nynorsk)

Søknadsskjema faglige midler (bokmål)

Søknaden sendes til studiekonsulent (at) media.uio.no

Merk at vi ikkje kan betale ut beløpet direkte - du må leggje ut og levere kvitteringar til oss. Firma med eige organisasjonsnummer kan sende faktura til IMK. Ta kontakt med studiekonsulenten for meir info.

Ekstraordinære kostnader til masteroppgåva

Masterstudentar ved IMK kan søkje om støtte til ekstraordinære kostnader til masteroppgåva. Søknaden sendes til studiekonsulent (at) media.uio.no

Bruk søknadsskjema for faglege midlar. Hugs signatur frå rettleiar!

Frist: 1. juni for vårsemesteret / 1. desember for haustsemesteret

Reglar for tildeling av midlar til masteroppgåva:

  • Masterstudentar kan søkje om inntil 1500 kr for å dekke ekstraordinære kostnader til masteroppgåva
  • Kostnadene MÅ vere relaterte til arbeidet med masteroppgåva
  • Du kan berre få støtte ein gong i studietida
  • Rettleiar må støtte søknaden

Kva er ekstraordinære kostnader til masteroppgåva?

  • Deltaking på konferansar for å presentere oppgåva eller samle data
  • Feltarbeid
  • Kjøpe data/lisens/aviser/materiell du treng til oppgåva
  • Anna materiell direkte knytt til masteroppgåva

Dette reknas ikkje som ekstraordinære kostnader til masteroppgåva:

  • Pensum
  • Teknisk utstyr som PC eller liknande

Skal du delta på ein konferanse og presentere funn fra masteroppgåva di? Ta kontakt - studiekonsulent (at) media.uio.no

 

 

Publisert 10. mars 2016 14:02 - Sist endret 9. okt. 2017 10:01