Målet med vertskapsrolla er å fremja synergiar og samarbeid mellom instituttet og italiensk akademia, så vel som å leggja til rette for samarbeid mellom dei affilierte forskarane og kollegaer ved instituttet, inkludert DNIRs eigne postdoktorar og gjesteforskarar. Eit anna mål er å gjera DNIR meir synleg i romerske og italienske akademiske krinsar.
– Ordninga rettar seg mot forskarar med doktorgrad som anten bur i Roma eller har sterk tilknyting til byen, så vel som gode samband med romerske og andre italienske forskarmiljø, forklarer instituttleiar Han Lamers.
– Dei er gjerne italienske forskarar tidleg i karrieren som ynskjer å styrka det internasjonale nettverket sitt og etablera kontakt med Noreg og Norden.
Håp om samarbeid på lengre sikt
Medan den typiske gjesteforskaren ved DNIR er tilknytt ein av dei norske partnarinstitusjonane, høyrer dei affilierte forskarane til romerske eller italienske akademiske miljø. I løpet av tida ved DNIR, som er lengre enn det som er vanleg for ein gjesteforskar, vil forskarane arbeida med prosjekt som harmonerer med forskingsprofilen til instituttet. Dei vil ha tilgang til fasilitetar som biblioteket og tilgjengelege kontorplassar, og er forventa å bidra til det akademiske livet ved instituttet, til dømes ved å delta på seminar.
– Det er viktig for oss at denne affiliasjonen ikkje berre finst på papiret, seier Lamers.
– Me håpar at ordninga vil føra til tettare band mellom italienske og skandinaviske forskingsnettverk, og til eit styrkt samarbeid med romerske og italienske forskingsmiljø på lengre sikt.
Antonino Nastasi og Maria Cristina Manzetti, som starta i høvesvis mars og april, var dei fyrste til å nyta godt av den nye statusen som affilierte forskarar. Dei gler seg begge til dei neste månadene.
– Eit lite, men stimulerande fellesskap
Antonino utdanna seg i klassisk filologi ved La Sapienza, og tok deretter doktorgrad i Chieti-Pescara på moderne latinske innskrifter. Han har for tida permisjon frå jobben som lærar ved eit av Romas licei classici (klassiske gymnas) for å gjera eit nytt ph.d.-prosjekt ved Tor Vergata-universitetet om resepsjonen av den klassiske antikken, som skal vera ferdig i 2027.
Antonino har publisert fleire artiklar i tillegg til ei bok, og er med i rådet for databasen Fascist Latin Texts, der instituttleiar Han Lamers er ein av redaktørane.
Sidan han bur i Roma, er det lett for Antonino å besøkja instituttet når han vil, både for å forska og for å delta på konferansar og andre akademiske arrangement.
– Eg er veldig glad for å vera ein del av dette vesle, men stimulerande akademiske fellesskapet, seier han.
Sjølv om han set pris på høvet til å fokusera på arbeidet sitt i fred og ro, ser Antonino òg fram til pausane, som ifylgje han alltid byr på moglegheiter for interessante samtalar med andre forskarar og med instituttleiaren.
Siciliansk inspirasjon
Cristina har ei forskarstilling ved University of Cyprus og er med i GrECI-prosjektet, som er eit samarbeid mellom University of Cyprus, Universitetet i Oslo og Université de Franche-Comté. Etter å ha studert landskapsarkeologi ved Tor Vergata, spesialiserte ho seg i digital arkeologi og tok doktorgraden ved Technical University of Chania på forståinga og verdsetjinga av dei romerske teatera på Kreta.
– Eg har alltid vore fascinert av litteratur, kunst, og verda utanfor heimbyen min Castel Gandolfo, seier Cristina, som fyrst tok til å drøyma om å verta arkeolog på ein skuletur til Sicilia då ho var tenåring.
I løpet av opphaldet ved DNIR planlegg Cristina å arbeida med ei bok om kva inntrykk materiell arv og stader i middelhavsområdet gjorde på reisande frå Sentral- og Nord-Europa på 1700-talet.
– Eg håpar eg kan bruka lokala på instituttet til å organisera seminar i framtida, og å skapa eit fruktbart nettverk for å arbeida med framtidige prosjekt.
Kontaktar på tvers av fagfelt
Martina Gatto, den tredje forskaren til å verta affiliert med instituttet, starta i mai. Ho gjer for tida eit treårig postdoktorprosjekt ved Tor Vergata, der ho utforskar resepsjonen av Sparta i tidlegmoderne tankegang. Sidan ho oppnådde ph.d.-graden i antikkhistorie ved Tor Vergata i 2020 med ei avhandling om den spartanske lovgjevaren Lycurgus, har Martina hatt fleire forskingsopphald i utlandet, inkludert i Leuven og Fribourg.
Ved sida av å arbeida med postdoktorprosjektet kjem Martina til å bruka tida ved DNIR til å førebu ei utgåve av to fragmenterte gammalgreske historikarar, Sosylus og Sosibius. Ho håpar instituttet vil bidra med eit sterkt akademisk nettverk, og set pris på moglegheita til å få innsikter og inspirasjon frå kollegaer på tvers av disiplinar – spesielt frå dei som ikkje kjenner til Sparta-studiar frå før.
– Eg ser fram til å dela forskinga mi på instituttet, seier Martina.
– Sjansen til å få tilbakemeldingar og byggja kontaktar på tvers av ulike felt er uvurderleg for den personlege og faglege veksten min.
Fablar, ordtak og byzantinske keisarar
Den fjerde forskaren, Lorenzo Ciolfi, tek til 1. september. Han er utdanna greskpaleograf frå La Sapienza og byzantinist frå Centre d'études byzantines ved École des hautes études en sciences sociales i Paris, og er for tida forskar ved Universidad Complutense de Madrid. Som affiliert ved instituttet planlegg han å fokusera primært på to område han forskar på for tida: korpuset av lovprisingstekstar dedisert til den byzantinske keisaren Johannes III Vatatzes (1221–1254) og samhandlinga mellom dei litterære fabel- og ordtakstradisjonane frå antikken til slutten av mellomalderen.
Lorenzo vart fyrst kjend med DNIR i 2011, då han tok del i DEEM-programmet (òg kjent som FIDEM-kurset), eit introduksjonskurs til handskriftstudium der instituttet har vore involvert i mange år.
– No vender eg tilbake med ny entusiasme, seier Lorenzo.
– Eg er trygg på at tida mi her vil hjelpa meg med nokre av dei meir komplekse aspekta ved forskinga mi. Samstundes håpar eg å bidra til instituttet ved å dela innsikter frå byzantinske studium og vekkja meir interesse for dei intellektuelle tradisjonane frå det austlege Middelhavet.
Les meir om dei affilierte forskarane på DNIRs nettsider.;