English version of this page

På oppdagingsferd i Romas kristne visuelle språk

Kunsthistorikar Martin Lešák, den nyaste postdoktoren på Det norske instituttet, skal bruka dei neste åra på å fordjupa seg i samspelet mellom liturgi og utsmykkingar i romerske kyrkjer. 

mann med skjegg, foran bokhylle og maleri

Martin Lešák i korridoren i 3 etasje på Det norske institutt i Roma

Av Synnøve M. Myking (postdoktor ved Det norske institutt i Roma)
Publisert 1. apr. 2025

Karrieren til Martin har så langt femna breitt, både geografisk og kronologisk. Han er fødd i ein småby sør i Bøhmen og tok ph.d.-graden i kunsthistorie ved Université de Poitiers og Masarykova univerzita i Brno, med ei avhandling som utforska samspelet mellom liturgiske handlingar og monumentale mosaikkdekorasjonar i Roma på 800-talet.

Deltakinga i det nyleg avslutta MSCA-RISE-prosjektet Conques in the Global World førte Martin til New York og Roma som gjesteforskar. Før han kom til DNIR, var han postdoktor i to år ved Universität Regensburg, finansiert av Alexander von Humboldt-Stiftung. Der utforska han den seinantikke visuelle kulturen i Urbe medan han skaffa seg meir kunnskap om liturgiske kjelder frå mellomalderen.

Martin er dimed godt kjend med Roma, både gjennom forsking og personleg erfaring, men interessene hans femner òg om andre område, så vel som andre tidsepokar enn seinantikken og tidleg mellomalder. Han har publisert om korleis miljøfaktorar påverka visuelle kulturar i mellomalderen, om seinmellomalderleg kunst i Tsjekkia og om rekontekstualisering av mellomaldergjenstandar i moderne rituell praksis og politikk.

Krafta i bilete

– Kvifor vart du kunsthistorikar?

– Det er verkeleg vanskeleg å setja fingeren på kva som gjorde meg interessert i kunsthistorie. Alt som tenåring var eg tiltrekt av ulike visuelle språk, kunstnariske uttrykk og historiske narrativ, men i og for seg trur eg ikkje det kan vera heile forklaringa. Eg må kanskje òg gje æra til to religiøse bilete – store trykk – i huset til bestemor mi, som hang attmed køyesenga der eg sov øvst som liten, medan syster mi sov nedanfor. I søvne hende det at eg kom borti bileta, eller at eg sparka til dei ved eit uhell. Etter kvart vart eg merksam på spenninga mellom desse bileta i ein landsens heim og den levde realiteten i ein postkommunistisk tsjekkisk småby, der religion berre spelte ei lita rolle. Når eg ser tilbake, trur eg denne kontrasten bidrog til at eg vart interessert i rolla kunsten speler i samfunnet og i historisk endring, sjølv om eg kanskje kjem til å svara annleis om nokre år.

Innovasjon versus repetisjon

Martin skal bruka dei neste tre og eit halvt åra på å gjennomføra eit forskingsprosjekt her i Roma, der han studerer samspelet mellom viktige liturgiske handlingar og dei visuelle rammene deira i romerske kyrkjer. Fokuset hans er fyrst og fremst, men ikkje berre, dei tre kasusstudiane Santa Maria Maggiore, Santa Cecilia og Santa Susanna.

– Eg ynskjer å finna ut korleis kyrkjer og utsmykkingane deira vart konstruerte, forma, og forma på nytt for å oppfylla dei liturgiske funksjonane sine gjennom hundreåra. Særleg vil eg undersøkja messer på festdagane til skytshelgenar og pavelege stasjonsliturgiar, som ofte vart feira av paven sjølv i desse rituelle romma, for å identifisera dei stundene der monumentale utsmykkingar smeltar saman med ritual.

Spenninga mellom kunstarisk innovasjon og den ibuande repetisjonen i den årlege liturgiske syklusen er grunnleggjande i forskinga til Martin. Han håpar å finna ut korleis liturgien påverka oppfatninga og remodelleringa av monumentale kyrkjeutsmykkingar, om det er i mellomalderen eller i tidleg nytid – prosjektet hans omfattar begge periodar.

Det inspirerande Roma

– Kva gler du deg mest til i den nye stillinga di?

– Kvar dag ser eg ivrig fram til den utrulege utsikta frå det nye kontoret mitt eller terrassen på DNIR, eit syn som stadig inspirerer meg. Det er verkeleg eit privilegium å bu i Roma medan ein skriv om byen. Eg set stor pris på kor mykje som er tilgjengeleg, ikkje berre stadene eg studerer og konferansane som går føre seg på ulike institusjonar i byen, men òg bibliotek og arkiv som inneheld uvurderlege samlingar av vesentlege publikasjonar, mellomalderhandskrift og andre kjelder eg planlegg å analysera.

Stillinga til Martin inneheld ein god del undervising, og han ser fram til å dela forskinga si på mellomalderleg og tidlegmoderne kunst i Roma med studentane.

- Det å engasjera dei in situ, og ikkje berre i klasserommet, er garantert å tilføra diskusjonane våre ein unik dimensjon og gjera læringserfaringa rikare på ein måte som ikkje hadde vore mogleg nokon annan stad.

 

Publisert 1. apr. 2025 15:37 - Sist endret 1. apr. 2025 15:51