ILN søkjer gruppelærarar for RETKOM1102 våren 2025

Er du masterstudent på nordiske studium eller lektorprogrammet? Då kan dette kanskje vere interessant for deg.

Vi ønsker gruppelærarar til følgande emne: 

Kven er du? 

Vi ser etter masterstudentar som har tatt eitt eller fleire av emna ovanfor og som har lyst til å ha gruppeundervising for studentane våre. Du må være aktiv masterstudent våren 2025. 

Det er ein fordel om du har undervisingserfaring, men det er ikkje eit krav. Den undervisaren som har emneansvaret har det faglege ansvaret for gruppeundervisinga, og de vil samarbeide om korleis sjølve opplegget skal utarbeidast. Du skal få oppfølging undervegs. 

 

Korleis skal du søke? 

Søknadsfrist er tirsdag 10. desember 2024 klokken 12.00

Søknaden sender du på e-post til elise.kleivane@hf.uio.no. Søknaden skal innehalde: 
 

  • Ein kort tekst med motivasjon for kvifor du søker stillinga. 
  • CV 
  • Karakterutskrift, gjerne frå Vitnemålsportalen. 

Kvar gruppeundervising varer i 2 undervisingstimar. Du får betalt for éin time førebuing til kvar undervisingstime.

Du blir lønna i lønnstrinn 45. Du finn lønstabellar på regjeringen.no.   

Kontakt 

Publisert 2. des. 2024 14:19 - Sist endret 2. des. 2024 14:23