Litteraturprofessor fryktar ikkje digitaliseringa: – Vi vil halde fram med å lese bøker

Det finst gode grunnar til å fortsette å lese litteratur, sjølv om vi er omgitt av det digitale, meiner litteraturprofessor Karin Kukkonen.

Kvinne leser bok.

Trass digital framvekst dei siste åra, har det sidan 1990-talet vore ein auke i nordmenns boklesing, syner tall frå MedieNorge. 

Eksplosjonen i digitale media fører til endringar i lesevanane våre. Den amerikanske essayisten Sven Birkerts er ein av mange som har frykta følgjene. I boka The Gutenberg Elegies spår han at vi vil lese færre bøker og tape vår litterære kultur.

Karin Kukkonen, litteraturprofessor ved Universitetet i Oslo, er ikkje like bekymra.

– Eg trur vi kjem til å klare oss heilt fint. Det ser ut som at folk i dag ønskjer å lese på ulike måtar, inkludert den litterære. Mistar vi den litterære lesinga, blir eg langt meir pessimistisk, seier ho. 

Folk på 1700-talet var redde for romananes påverknad

Karin Kukkonen er spesialist på folks lesevanar på 1700-talet: hundreåret då romanane, avisene og tidsskrifta kom.

Portrett av Karin Kukkonen
Professor Karin Kukkonen meiner evna til å fordjupe seg i lesing er viktig. Foto: UiO.

– Eg har inntrykk av at mange trur digitaliseringa er den største endringa i lesevanar nokon sinne. Men på 1700-talet opplevde folk ei like stor teknologiendring som i dag.

Også den gongen var folk bekymra, men bekymringa var ei anna: Kva følgjer ville det få når alle kunne gå i djupna – i det stille, for seg sjølve?

– Både kvinner og menn var bekymra for følgjene av å fordjupe seg i romanar. Til dømes kunne unge kvinner no sitje på rommet sitt og lese kjærleiksromanar. Det handla ikkje berre om kognitive endringar, men også om moral og sosial kontroll.

Ho skriv om temaet i artikkelen «Practices and Technologies across Two Reading Revolutions», publisert i 2019, saman med kollega Ana Vogrincic Cepic.

Lesing kunne øydeleggje synet og helsa

På 1700-talet var det ulike måtar å lese på. Ofte las folk for seg sjølve. Men det var også vanleg å samle mange rundt ei bok. I fattige familiar las far høgt frå Bibelen i lyset frå eit stearinlys. I middelklasseheimar samla hushaldet og besøkande seg og las for kvarandre, medan rike, aristokratiske familiar hadde bibliotek og til og med profesjonelle høgtlesarar.

Utover 1700-talet oppstod det debattar om kva som var den riktige lesemåten. Høgtlesing vart sett på som mindre skadeleg enn å lese i det stille. Det siste vart kritisert for å vere skadeleg og vekkasta tid, det øydela tankesettet og moralen og også synet, haldninga og helsa generelt.

– Folk har sagt at danningsromanen sprang ut frå den slags bekymringar. Både menn og kvinner skreiv om at ein trong ein litteratur som danna folk, seier Kukkonen. 

Danningsromanen vaks fram på 1700-talet og skildra hovudpersonens livløp, prøvingar og mogning fram til personen vart eit danna individ. Tanken var at også lesaren ville bli danna.

Anicet Charles Gabriel Lemonnier: A Reading in the Salon of Mme Geoffrin (1755), Châteaux de Malmaison et Bois-Préeau, Paris (Wikimedia commons).
Anicet Charles Gabriel Lemonnier: A Reading in the Salon of Mme Geoffrin (1755), Châteaux de Malmaison et Bois-Préeau, Paris. Foto: Wikimedia commons.

Kvar fjerde nordmann les bok kvar dag

Romanen fann sin plass og har følgt oss gjennom fleire hundre år. Og trass digital framvekst dei siste åra, har det sidan 1990-talet vore ein auke i nordmenns boklesing. I 1994 las 18 prosent av oss bok kvar dag, i 2018 var delen 24 prosent. Tida desse bruker på å lese er omtrent lik og på rundt ein time, ifølgje informasjonssentralen MedieNorge.

Høgtlesing i familien er kanskje mindre vanleg enn på 1700-talet, men lydbøker har kome til og har hatt ein ekstrem vekst. Frå 2013 til 2017 vart omsetnaden dobla. 

Talet på selde e-bøker steig bratt frå 2011 til 2014 og har sidan vore relativt stabilt. Vi kjøper også framleis mange papirbøker.

– Når folk er bekymra for lesevanane våre trur eg det byggjer på ei oppfatning om kulturell nedgang som ein ofte har: at ting blir verre og verre heile tida. Samtidig opplever mange kanskje sjølve at dei mistar konsentrasjonen og evna til å absorbere seg i tankane sine. Dette veit vi ikkje nok om foreløpig, seier Kukkonen.

Historia på skjermen rullar vidare

– Eg trur at mange tenkjer at ein får eit betre liv viss ein les bøker. Eg er samd i det. Bøkene kan gje oss eit møte med oss sjølve. Vi les om kva ein karakter gjer og tenkjer, og så stoppar vi opp og spør oss kva vi ville gjort sjølve. Her skil romanen seg frå filmar og seriar fordi du sjølv bestemmer kor lang tid du bruker på ei scene.

Det er nettopp denne typen lesing Kukkonen meiner det er viktig å ta vare på: den langsame lesinga, som gjev rom for refleksjon.

Skulen blir viktig

– Digitale media er overalt. Men det ser ut til at mange framleis ønskjer å gå i djupna, gjennom romanar eller kanskje mindfulness og meditasjon. Kanskje søkjer dei ein balanse. Kva som er dynamikken mellom det digitale og desse djupe, langsame aktivitetane, ville det vere svært spennande å utforske.

Karin Kukkonen er ikkje bekymra for framtida:

– Det gjekk fint på 1700-talet. Det trur eg vi vil sjå denne gongen også. Men det er heilt sentralt at skulane held fram med undervising i litterær lesing. Det er kortsiktig å seie at vi lever i ei digital verd og at vi berre treng eit nettbrett. Mistar vi evna til å lese djupt, blir eg svært bekymra.


Karin Kukkonen leiar forskingsprosjektet Litteratur, kognisjon og emosjon (LCE).

Av Silje Pileberg
Publisert 15. okt. 2019 13:17 - Sist endret 4. aug. 2022 10:09