Taleskrivar

For Kristofer er det enormt tilfredsstillande at jobben som taleskrivar i Røde Kors krev at han kvar dag brukar det han lærte som retorikkstudent.

Portrettfoto, mann, smil, utendørs, briller, kort brunt hår, skjegg, oransje genser med blårutete skjorte under

Kristofer Olai Ravn Stavseng

Foto: Privat

Kristofer Olai Ravn Stavseng

Fag:
Nordiske studier, studieretning Retorikk og språklig kommunikasjon

Grad:
Master

Uteksaminert:
2021

Stilling:
Taleskrivar

Arbeidsgivar:
Røde Kors (rodekors.no/)

– Kva er dei viktigaste oppgåvene i jobben din?

– Som taleskrivar har eg ansvar for å produsere talar og bidra i andre typar tekstar for dei to fremste leiarane våre, presidenten og generalsekretæren. Eg bidrar òg i utviklinga av leiarkommunikasjonen i Røde Kors.

Når eg skal skrive ein tale, bruker eg mykje tid på å gjere undersøkingar. Ein god tale er mest mogleg skreddarsydd for både talar, publikum og situasjonen der talen skal bli framført. Vi har bodskap om alt frå einsemd, krigens reglar og beredskap. Desse tilpassar eg slik at den språklege stilen sitt godt for talaren, at talen går fint inn i det som elles skal skje på arrangementet og ikkje minst at publikummet forstår og kan vere samd i bodskapen.

– Kva liker du best med jobben din?

– Det som er fascinerande med nett taleskriving er at det bygger på teknikkar frå antikken som framleis er gyldige. Det skjer der og då, og du kan ikkje redigere det i etterkant. I tillegg er det enormt fint og spennande å jobbe for Røde Kors, som har eit samfunnsoppdrag som femner så vidt, både i Noreg og internasjonalt. Det er meiningsfylt å jobbe i ein organisasjon der frivillige kan bidra til å betre lokalsamfunnet sitt, der dei bur.

– Korleis er utdanninga frå HF relevant i denne jobben?

– Som masterstudent hadde eg som karrieremål å bli taleskrivar. Difor sat eg stor pris på å ha stor fridom til å sjølv velje problemstillingar for semesteroppgåvene. Eg valte å utforske sider ved retorikken som eg trudde kunne kome til nytte. Eg skreiv stort sett oppgåver om talar i ulike krevjande omstende, og det har definitivt kome til nytte.

Masteroppgåva mi handla om taleskriving under pandemien. Det var veldig gøy, og før eg leverte hadde eg landa engasjement som kommunikasjonsrådgivar og taleskrivar i Finansdepartementet. Så det at HF kunne la meg få fordjupe meg i det eg ønskte, var nyttig og viktig. Ikkje minst sat eg stor pris på dei praktiske retorikkemna.

– Kva er ditt beste tips til ferske studentar som tenker på jobbmoglegheitene etter studiane?

– For det første: Sei ja til frivillige verv og søk studentvenlege jobbar som gir deg relevant, praktisk erfaring. Det å produsere noko på ein arbeidsplass er ganske annleis enn å skrive oppgåver. Viser du at du veit det, skil det deg positivt ut i søknadsbunken i forhold til andre som kjem ferske frå universitetet.

For det andre: Bruk dei flinke folka som jobbar på fakultetet. Still dei spørsmål og ta opp det du undrar deg over – også utanom seminara. Eg trur mange av undervisarane er meir tilgjengelege enn mange studentar trur.

For det tredje: Du har lov til å vere stolt av faget ditt. Møt verda med sjølvtillit. Og bli for all del ikkje så takksam for å få jobb at du gløymer å forhandle på løna!

Fleire karriereintervju

Publisert 2. sep. 2025 08:55 - Sist endra 9. feb. 2026 21:00