Musikkarkivar

«Eg har jobba i både privat og offentleg sektor og har erfart at dei fleste jobbar krev ei stor breidde i ferdigheiter», seier musikkvetar Karl Peder.

Portrettfoto, svart-hvitt, mann, smil, briller, skjorte

Karl Peder Mork

Foto: Eirik Yung/Vestland fylkeskommune

– Kva er dei viktigaste oppgåvene i jobben din?

– Eg har ansvaret for musikksamlingane i arkivet i Vestland fylkeskommune, som mellom anna omfattar notesamlingar, samlingar med lydopptak, film og andre musikkrelaterte samlingar. Størstedelen av jobben handlar om digitalisering, og å rettleie brukarar av arkivet. Eg gjer i tillegg det vi kallar dokumentasjonsopptak, særleg med folkemusikarar frå fylket. Arkivet der eg jobbar, er ein del av kulturavdelinga i fylkeskommunen. Det vil seia at eg òg er involvert i arbeid på kulturfeltet både regionalt og nasjonalt, i tillegg til å delta i ulike faglege nettverk og samarbeid. Det er ein særs variert arbeidskvardag på mange ulike «nivå» –  frå det heilt lokale, til det nasjonale.

– Kva liker du best med jobben din?

– Arbeidet er både fagleg og praktisk, og det er meiningsfullt. Denne kombinasjonen gjer at eg gler meg til å dra på jobb. På den eine sida har du rolla som fagperson, der eg jobbar med formidling, lydredigering, transkripsjon og andre musikkfaglege oppgåver. På den andre sida er fylkeskommunen ein viktig utviklingsaktør på både arkiv- og kulturfeltet. Det tyder at eg jobbar med spørsmål som er litt større enn berre musikksamlingane, som korleis vi tek vare på kulturhistoria, den immaterielle kulturarven og musikktradisjonane i fylket, for å nemne noko.

– Korleis er utdanninga frå HF relevant i denne jobben?

– Eg tenkjer ofte på at eg er glad for at eg tok mange ulike emne då eg studerte. Sjølv om eg primært likte musikkhistorie, filosofi og estetikk best, har eg fått stor nytte av å ha teke emne i studioproduksjon og akustikk. For å seia det litt annleis: Eg skriv både notar og fylkeskommunale planutkast på jobb. Då må eg kunne det praktiske, men òg forstå korleis musikken og kulturen er ein del av samfunnet vårt. Då kjennest det trygt å ha ei god og variert kulturfagleg utdanning i ryggen. Kombinasjonen av det praktiske og det teoretiske er nøkkelen.

– Kva er ditt beste tips til ferske studentar som tenker på jobbmoglegheitene etter studiane?

– Eg har jobba i både privat og offentleg sektor og har erfart at dei fleste jobbar krev ei stor breidde i dugleikar. Nytt sjansane du får til å studere tema som er viktige for kulturlivet, både det frivillige og det profesjonelle. Det er breidda i kunnskap som gjer deg attraktiv på arbeidsmarknaden. Tenk på dette når du vel frie emne: Kanskje bør du ta nokre emne i kulturhistorie eller administrasjon og økonomi? Lær deg å jobbe sjølvstendig – dei fleste arbeidsplassane i kulturlivet er små, og krev at du er sjølvstendig og kan mykje forskjellig.

 

Karl Peder Mork

Fag:
Musikkvitskap

Grad:
Master

Uteksaminert:
2018

Stilling:
Musikkarkivar (rådgjevar)

Arbeidsgjevar:
Vestland fylkeskommune, seksjon arkiv (Fylkesarkivet i Vestland) (fylkesarkivet.no)

Fleire karriereintervju

Publisert 6. jan. 2023 15:08 - Sist endret 27. jan. 2023 16:20